NRK Meny
Normal

Sogndalspakken møtt med massiv kritikk

SOGNDAL (NRK): Før jul skal kommunepolitikarane i Sogndal ta stilling til den såkalla Sogndalspakken. Onsdag kveld var det folkemøte om planane.

Folkemøte i Sogndal

STORT FRAMMØTE: Mange hadde møtt fram på folkemøtet om Sogndalspakken.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sogndal kommune saman Statens vegvesen hadde onsdag kveld invitert innbyggjarane til eit informasjonsmøte om Sogndalspakken. Men planane fekk ei heller lunken mottaking av dei som hadde møtt fram.

– Dette er eit makkverk, dei har ikkje peiling på kva dei set i gang om dei skal grave opp Gravensteinsgata. Ser vi litt fram så er det berre tunnel bak sentrum som er godt nok meinte Leif Inge Lerum.

Seks prosjekt

Sogndalspakken inneheld seks enkeltståande prosjekt, som har som mål å betre trafikkavviklinga i sentrum, samt å fjerne biltrafikken frå store delar av Gravensteinsgata.

Sogndal sentrum

TUNNEL UNDER SENTRUM: Det planlagde miljøloket skal gjere Gravensteinsgata gjennom sentrum fritt for bilar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Årsdøgntrafikken i Gravensteinsgata var i 2014 på om lag 8650 køyretøy. Det er berekna at årsdøgntrafikken vil auke til 10 500 i løpet av dei neste 20 åra.

I Statens vegvesen var Kjell Kvåle overraska over den sterke motstanden som prosjektet vart møtte med.

– Eg vart i grunnen det. Eg hadde vel venta litt meir fordeling mellom positive og negative, men i kveld var mykje negative vurderingar som kom fram.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll var ikkje heilt villig til å ta inn over seg motstanden mot prosjektet som kom fram på møtet.

Jarle Aarvoll

VANSKELEG SALSJOBB: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg vel å snu litt på det. Når folk seier si ærlege meining så vil eg ikkje seie at det er negativ, sa Aarvoll.

– No skal de som politikarane snart fatte eit vedtak, er du skremd med tanke på dei negative tilbakemeldingane de fekk i dag?

– Dersom eg alltid skulle handle etter minste motstands veg så hadde vi ikkje fått til noko som helst. No har eg vore med å fronta noko som eit samrøystes kommunestyre står bak. No er det ikkje dermed sagt at det blir slik. Eg høyrer også folket si røyst.

605 millionar

Heile pakken vil lande på rundt 605 millionar, medan det største inngrepet, eit miljølok under Gravensteinsgata i sentrum, vil koste om lag 350 millionar. Prosjektet skal delvis finansierast gjennom bompengar, det førebelse forslaget er at bilistane skal ta 60 prosent av kostnadene.

Plassering av bomstasjonar, kor høge satsane skal bli og nedbetalingstida vil verte lagd fram i eiga sak for kommunestyret som del av ein bompengesøknad.

– Når kan ein kome i gang med prosjektet?

Kjell Kvåle

OVERRASKA: Kjell Kvåle i Statens vegvesen.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Det er vanskeleg å seie i dag når vi kan kome i gang med prosjektet. Men kjem det med i Nasjonal Transportplan med full tyngde, så snakkar vi om frå 2018 og ut over seier Kjell Kvåle i Statens vegvesen.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.