Sogndalskaptein forbanna etter tap

Sogndalkaptein Henrik Furebotn seier stortapet i dag er det flauaste han har vore med på.

Henrik Furebotn

FLAUTT: Kaptein Henrik Furebotn er ikkje stolt over det laget presterte på treningskampen i dag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal fekk så hatten passa i treningskampen mot Sandnes Ulf på La Manga. Kampen enda 8–0 til rogalendingane.

Henrik Furebotn seier til Sogn Avis at han er forbanna etter dagens kamp.

– Eg har aldri tapt så mykje før og då reknar eg med kampar tilbake til eg var seks år. Dette er jobben vår, og då er vi nøydde til å ta det litt seriøst når me tek på oss drakta, seier han.

Ber om orsaking

Allereie før det var gått to tre minutt av kampen, hadde rogalendingane skåra to mål.

Med berre to treningskampar igjen til seriestart, fekk Sogndal den verst tenkjelege oppladinga i treningskampen mot Sandnes Ulf på La Manga. Kampen enda heile 8–0 til den nyopprykte divisjonskollegaen.

– Eg håper ingen heime såg kampen i nett-TV. Dette var grusomt. Eg ber om orsaking til alle som følgjer oss tett, seier han til nettavisa.

Skal leggje det bak seg

Kenneth Udjus, Ruben Holsæter, Gustav Valsvik, Eirik Skaasheim, Ørjan Hopen, Stian Dyngeland, Henrik Furebotn, Peter Aase, Tony Brochmann, Ulrik Flo og Tore André Flo starta for Sogndal i dag.

Spelarane Ole Jørgen Halvorsen, Hannu Patronen, Stéphane Diarra Badji, Taijo Teniste og Per Egil Flo var ikkje på bana.

Trenar Jonas Olsson seier til nettavisa at dei berre må gløyme kampen så fort som råd.

– Vi må leggje dette bak oss, for dette var bedrøveleg.