NRK Meny
Normal

Sogndalselevar best i retorikk

Seks elevar frå Sogndal Vidaregåande skule har vunne ein nasjonal konkurranse i politikk og retorikk.

Sogndal vidaregåande skule (arkivfoto)
Foto: NRK

I tre dagar konkurrerte elevane mot skular frå heile landet i kunsten å tenkje politikk, finne løysingar og overtyde andre med gode argument.

Leiar Martin Flatø i den norske greina av Europeisk Ungdomsparlament var ikkje i tvil om at elevane frå Sogndal var best.

Stakk seg klart ut

Sogndal stakk seg  klart ut i gruppa. Det var mykje samarbeidsevna deira, det at dei arbeidde veldig fint saman, som var avgjerande. I tillegg var dei fagleg veldig sterke og flinke til å snakke engelsk. Førestillinga om at alle dei gode skulane og dei dyktige elevane finn vi i Oslo er feil.

Alt gjekk på engelsk

Sogndal vidaregåande skule er ein av 14 skular i Noreg som vart plukka ut til konkurransen i politikk i norsk sesjon av Europeisk Ungdomsparlament. Alt arbeidet gjekk føre seg på engelsk, og ungdommane jobba døgeret rundt frå onsdag til fredag i forrige veke.

Dei som deltok frå Sogndal var Sjur Rasmus Rockwell Djupedal, Sigve Taklo Sekse, Johanne Helene Iversen, Hedvig Ølmheim, Agnese Bremere og Sigbjørn Raasberg..

- Ufatteleg kick

Johanne Helene Iversen har ikke heilt "landa" etter konkurransen.

- Eg syntest det var utruleg spennande og utruleg kjekt. Eg må seie at eg aldri har følt meg så levande i heile mitt liv som då eg stod i General Assembly og prata framfor 150 menneske, delegatar og leiarar. Det var eit ufatteleg kick. Vi fekk eit interessant tema om urfolk. Å kome fram til ein resolusjon om det var krevande og interessant. Det er ikkje lett når 14 stykker skal bli samde om same punkta.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå