Hopp til innhold

SOGNDAL: No startar forhandlingane om ordførarvervet

Kraftig framgang for Senterpartiet og i Sogndal, men Arbeidarpartiet er framleis det klart største partiet i kommunestyret.

Jarle Aarvoll

NO STARTAR FORHANDLINGANE: Jarle Aarvoll (Ap) vil gjerne halde fram som ordførar i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vallogo

– Valresultatet er nok litt som venta. For Arbeidarpartiet i Sogndal er det ein liten nedgang frå førre val, seier sitjande ordførar Jarle Aarvoll (Ap).

Arbeidarpartiet går frå ni til åtte mandat samanlikna med valet i 2011. Dei som i år susar fram også i Sogndal er Senterpartiet som får 26 prosent og to fleire mandat.

Sjå valresultatet for Sogndal her.

No startar forhandlingane

– Vi har hatt eit godt samarbeid med SV, KrF og Senterpartiet dei fire siste åra, og vi er samde om snakkast i løpet av dagen. Då har dei ulike partia sine forhandlingsutval, så får vi sjå korleis det går.

– Men Arbeidarpartiet kjem til å krevje ordføraren?

– Vi ynskjer å halde fram i den posisjonen, men det er jo avhengig av at vi får den støtta vi treng, men av respekt for forhandlingane så skal vi ta det i dei rette fora. Eg håpar og trur at vi får ei avklaring i løpet av dagen, seier Aarvoll.