Hopp til innhold

Sogndal ville ha Ruben - fekk nei

Sogndal ville gjerne hente Ruben Holsæter frå Førde allereie i haust. Men svaret frå sunnfjordingane var eit kontant nei.

Ruben Holsæter

VAR HØGAKTUELL: Ruben Holsæter kunne ha gått til Sogndal, men Førde sette foten ned for overgangen.

Foto: Rune Fossum

- Vi er i ein situasjon der vi har ei svært god midtbane med Henrik Furebotn og Ahyee Aye Elvis. Men det er tynt bak dei, og vi er utsette for skader og suspensjonar. Difor ville vi hente Ruben allereie i haust, seier Egil B. Mundal.

I søkjelyset også i Brann

Den daglege leiaren i Sogndal Fotball har vore i kontakt med Førde med tanke på ein umiddelbar overgang for Ruben Holsæter.

Den unge Førde-spelaren har vore ein stor suksess på sunnfjordingane sitt lag i 2. divisjon denne sesongen, og han er også i søkjelyset til Brann.

Men det blir ingen overgang til Sogndal i denne omgangen.

- Timinga var ikkje heldig for Førde. Dessutan stod vi langt frå kvarandre økonomisk, forklarer Mundal.

Følgjer Holsæter vidare

Holsæter har ein amatørkontrakt med Førde, og slik sett kunne Sogndal ha direkte i dialog med spelaren sjølv.

Men det ønskjer ikkje Sogndal, og dei slår seg til ro med at Førde ikkje vil sleppe 19-åringen no. Likevel følgjer dei Holsæter tett.

- Holsæter er ein ung og talentfull kar frå fylket - og han passar difor profilen vår godt, seier Mundal.