Hopp til innhold

Sogndal vil gjere alt dei kan for opprykk

SOGNDAL (NRK): Alt før siste serierunde er nedrykket eit faktum for Florø – men for Sogndal er tonen annleis. Eirik Schulze og Mathias Dyngeland vil kjempe med hjartet på drakta for å kome seg tilbake til Eliteserien.

Mathias Dyngeland og Eirik Schulze

VISE LIDENSKAP: – Me må vise at me brenner for drakta, seier kaptein Mathias Dyngeland. Her saman med lagkamerat Eirik Schulze.

Foto: Elise Kvien / NRK

I fjor rykte Sogndal ned etter tap i kvalifiseringa mot Ranheim. I år vil dei bruke kvalifiseringa til å ta steget tilbake til Eliteserien.

– Vi har hatt både oppturar og nedturar denne sesongen, så da har stemninga vore deretter. Men no ser me moglegheita som står føre oss. Det er god stemning i garderoben, seier Eirik Schulze.

Sogndal har vunne fire av dei fem siste kampane i 1. divisjon. No ligg dei på ein sikker 4.-plass som betyr at dei må gjennom kvalifisering for å kome til Eliteserien.

– Me må gje alt me kan. Me må brenne for drakta og laget. Det betyr å knuse til i alle duellar og vise at me verkeleg vil det her. Alle i garderoben brenn for å komme tilbake i Eliteserien, seier kapteinen i Sogndal, Mathias Dyngeland.

Må vere uredde

Trenar Eirik Bakke fortel at det har vore ein sesong med varierte resultat, men at dei siste fire-fem vekene har gjort noko med laget.

– Når hausten kjem er det då ting skjer. Me må finne det vesle ekstra i oss for å verkeleg prestere. Me har eit ungt lag, men dei skapar noko bra saman. Det viktigaste no er å vere uredde, seier trenaren.

Siste seriekamp for Sogndal er på Fosshaugane komande sundag mot Notodden. Deretter skal dei spele kvalifisering mot lag nummer fem på tabellen sundag 25. november. Vinnaren i denne kampen vil møte vinnaren av den andre kvalifiseringskampen i 1. divisjon.

I desember møter vinnaren av kvalifiseringa i 1. divisjon laget på 14.-plass i Eliteserien til dobbeltkamp for å avgjere kven som får spele i Eliteserien neste sesong.

Håpar på opprykk

Folk i bygda håpar på opprykk. Alle som NRK har møtt på i heimstaden til dei svarte og kvite trøyene, håper og trur det skal gå vegen for Sogndal.

Mathias Dyngeland og Eirik Schulze

KLAR FOR DYST: Mathias Dyngeland og Eirik Schulze er klar for siste seriekamp komande sundag mot Notodden.

Foto: Elise Kvien / NRK

Det gjer også lagkameratane på Fosshaugane.

– Stao no pao, ropar fleire av lagkameratane i trappeoppgangen til grasmatta.

Trenar Bakke lovar at det vil bli ein spennande avrunding av sesongen for både tilhengarar og spelarane.

– Dette er ei ekstra moglegheit me får og me må ta den på strak arm. Det er eit veldig trongt nålauge for å kome seg i den høgaste divisjonen. Det blir ein spennande sesongavslutning, som alltid, legg han til med eit smil om munnen.