NRK Meny
Normal

Sogndal vil forsterka i kvart ledd

– Me ønskjer å forsterka laget med ein spelar i kvart ledd før neste sesong, seier Trond Fylling. Men han er ueinig i at det er tynt i dei bakre rekkjene til Sogndal.

Sogndal fotball

MANGE UT: Lagbiletet til Sogndal før årets sesong. Neste års lagbilete kjem til å sjå veldig annleis ut.

Foto: Christian Blom / CBFoto

Torsdag vart det kjend at Cato Hansen er ferdig i Sogndal etter sesongen, og at også Vegar Gjermundstad står fritt til å finna seg ein ny klubb.

Mange ut

Med Gjermundstad ute, mister Sogndal truleg fire spelarar frå forsvarsleddet.

  • Mats Solheim er allereie klar for svenske Kalmar.
  • Isak Scheel skreiv førre veke under for Lillestrøm.
  • Even Hovland har fått lovnader om å bli selt etter sesongen, og både Molde og utanlandske klubbar har vist interesse.
  • Vegar Gjermundstad står utan kontrakt, men har fått tilbod om å trena med Sogndal for å visa seg fram for Jonas Olsson (ny hovudtrenar) i januar om han ikkje har funne seg ny klubb.
  • I tillegg er estiske Taijo Teniste i utgangspunktet berre på lån denne sesongen, men Sogndal har oppsjon på den estiske landslagsbacken, og avtalen om ein eventuell overgang er ferdigforhandla.
  • Cato Hansen får ikkje ny kontrakt med Sogndal
  • Joe Bendik får ikkje ny kontrakt med Sogndal
  • Barry Kader får ikkje ny kontrakt med Sogndal.

– Me har nok

Trond Fylling
Foto: Rune Fossum / NRK

Då står dei att med Espen Næss Lund, Gustav Valsvik og Eivind Daniel Røed som midtstopparar. Per Egil Flo har i år spelt midtstoppar, men er hovudsakleg back. I tillegg skal også Brann vere intereserte i stryningen.

Dei andre i forsvarsrekkja til Sogndal er Thomas Eriksen Ness og Taijo Teniste.

– Me har planar om å forsterka i alle ledd. Me er på jakt etter ein ny spelar både bak, på midten og framme, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

– Er det tynt bak når so mange forsvinn?

– Nei, me har nok. Det er berre å telje opp so ser du at me har bra kontroll. Me har både ein U18-landslagsspelar og ein U23-landslagsspelar att, og det er bra.

Endrar spelestil?

Fylling vil ikkje seia noko konkret om korleis Sogndal kjem til å spela neste sesong, men han seier at det Sogndal har vore mest kjende for i år, truleg ikkje blir noko dei satsar på til neste sesong.

– Sogndal kjem mest truleg ikkje til å spela med fem bak neste sesong, nei, seier Fylling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jonas Olsson

NY TRENAR: Jonas Olsson

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Heller ikkje Jonas Olsson (ny hovudtrenar) vil seia noko konkret om kva spelestil Sogndal kjem til å nytta når eliteserien 2012 blir sparka i gang.

– Eg veit korleis eg vil at Sogndal skal spela fotball, men det handlar om å vinna kampar. Når eg kjem til Noreg og byrjar å trena laget får eg sjå litt meir på kva spelarar me treng.

Olsson blir av svenske fotballekspertar omtalt som ein seriøs og forsiktig trenar. På pressekonferansen der han vart presentert som ny trenar, sa han at han ser fram til å byrja som trenar for Sogndal.

– Eg likar typen fotball Sogndal legg opp til, og at dei satsar på unge spelarar, sa Jonas Olsson til NRK.

– Namn på blokka

Edvin "Lala" Noso

Edvin «Lala» Noso var på prøvespel i Sommar. Trond Fylling utelukkar ikkje at han kan få prøva seg på nytt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me har fleire namn på blokka som me ser på, men ingen me er i forhandlingar med, seier Fylling.

I sommar hadde Sogndal fleire spelarar på prøvespel, og Fylling utelukkar ikkje at nokre av dei kan få eit gjensyn med saftbygda i januar.

– Det er ikkje utenkjeleg at Edvin «Lala» Noso dukkar opp att for å visa seg fram på nytt, seier Fylling.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy