Hopp til innhold

Sogndal vil bruke 26 mill. på fjordsti - ikkje alle ønskjer stien velkommen

26 millionar kroner skal brukast til å byggje ein samanhengande fjordpromenade langs heile Sogndalsfjøra. – Eit stort løft, meiner politikar, men ikkje alle er like glade for planane om stien.

Fjordsti Sogndal

UTSIKTEN: Fjordstien i Sogndal vil gå heilt frå Loftesnesbrua og langs fjorden til området ved Stedje camping.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den nye promenaden vil bli heilt unik for Sogn og Fjordane. Fjordstien skal starta ved Loftesnesbrua og til slutt ende opp ved Stedje Camping.

KrF-politikar Helge Torstad er blant dei som støttar prosjektet fullt ut.

– Eg trur det vil bli eit stort løft for Sogndal å få denne stien her, seier han til NRK.no.

Hotelleigar: – Ugunstig

Prislappen fjordstien er rekna å bli 26 millionar kroner. Med ein promenade langs fjorden skal ein opne opp den lukka strandsona langs det gamle bygningsmiljøet i Sogndalsfjøra, og fleirtalet av politikarane vil ha prosjektet gjennomført innan 2014.

Men ikkje alle ønskjer stien like velkommen. Hotelleigar Mona Sviggum på Hofslund Fjordhotell vil ikkje ha ein offentleg sti tvers gjennom hotellhagen.

– Heilt sidan vi fekk kunnskap om at dei hadde begynt med dette, så har det vore noko vi meiner vil vere ugunstig for hotellet og hotelldrifta, seier Sviggum til NRK.no.

– Vi har marknadsført oss som eit stille og roleg hotell, med ei strandlinje der gjestane kan sitje på bryggja eller ta seg eit bad, forklarar ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mona Sviggum

UROA: Mona Sviggum overtok som sjef på Hofslund Fjordhotell i 2001. No vil ein ny fjordpromenade fjerne ein del av den private hagen framfor det 100 år gamle hotellet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Håpar å unngå maktbruk

Rådmann Jostein Aanestad håpar likevel at kommunen skal sleppe å ta eigedom langs fjordlinja med makt.

– Vi ser at det no ligg til rette for minnelege løysingar med fleire, seier han, men legg samtidig til:

– Men det vil også vere behov for å gå djupare, og eventuelt oreigne nokon av eigedomane om ein skal gjennomføre prosjektet.

Den omstridde fjordstien skal finansierast av statlege tilskot – og ikkje minst av inntektene frå avgiftsparkeringa i Sogndal sentrum. Torstad i KrF gler seg til stien står ferdig.

– No har vi allereie fått sentrumsparken, som mange ser veldig positivt på. Når vi no også får opna opp ned til fjorden, og det etter kvart kjem bru over Sogndalselva, så trur eg det vil bli eit veldig attraktivt område.

– Det er eg overtydd om, seier han og meiner Sogndal med ein slik sti kan tilby opplevingar frå fjord til fjell for både innbyggjarar og tilreisande.

– Spennande

Mona Sviggum ved Hofslund Fjordhotell er likevel ikkje overtydd. For ho handlar det mest om at kommunen no vil byggje ein sti tvers gjennom den idylliske hagen framfor det 100 år gamle hotellet.

– Heile konseptet vårt blir annleis, så det blir spennande å sjå korleis dette blir sjåande ut.