Hopp til innhold

Sogndal vidare i cupen

Sogndal er vidare til tredje runde i NM-cupen i fotball etter 3-2 siger over Førde på Førde stadion i kveld.

Førde - Sogndal
Foto: Oddleif Løset / NRK

Barry Kader, Håvard Flo og Even Hovland sette inn dei avgjerande scoringane for 1. divisjonslaget. Førde tok likevel leiinga i kampen ved det som kunne sjå ut som eit sjølvmål av Sogndals Lars Grorud.

Tor Erik Nygård tende cuphåpet for heimelaget då han utnytta ein glipp av Joseph Bendik i sogndalburet og reduserte til 2-3 om lag 20 minutt før slutt.

Det stod 1-1 til pause.