Hopp til innhold

Otoo-show sikra Sogndal-siger

Ein strålande kamp av Mahatma Otoo sørga for at Sogndal gjekk lett vidare til 4. runde i NM-cupen i fotball onsdag kveld.

1-0 Mahatma Otoo
2-0 Tim Andre Nilsen, pasning Mahatma Otoo
3-0 Mahatma Otoo, pasning Tim Andre Nilsen
518 tilskuere på Fosshaugane

Sogndal gjekk opp i leiinga alt etter halvtanna minutt av 2. omgang. Otoo skåra sikkert frå kort hald etter innlegg og godt duellspel av Karadas.

Det temposvake Strømmenlaget som jakta den eine mulegheita mot Sogndal måtte dermed høgare på bana. Det ga opningar for Otoo nok ein gong , som serverte ferdigskåra til Tim Nilsen som netta sikkert etter 52 minuttar.

2. omgang vart dermed einvegskøyring mot Strømmen-målet. Sogndal sette opp både tempo og rørsle i spelet og det opna Strømmen-forsvaret fleire gonger.

3-0 kom etter nok ein herleg runde med fikse kombinasjonar. Denen gongen var det Tim Nilsen som sørva Otoo, som punkterte kampen med 3-0.

– Veldig gøy kamp

Sogndal var i 4. runde av cupen også i fjor. Då tapte laget 3-1 borte mot Vålerenga.

Målskårar Tim Nilsen var ein glad mann etter sigeren, som sende Sogndal nok eit steg vidare i retning UIlevaal og cupfinale til hausten.

Otoo

SIKRA SIGEREN: Mahatma Otoo imponerte stort for Sogndal mot Strømmen i cupkampen onsdag kveld.

Foto: Torben Stedje

– Det var ein veldig gøy kamp, vi spelar kvarandre gode, og det er det viktigaste. No har vi hatt fri ganske lenge, og det tok litt tid å komme inn i kampmodus. 2. omgang er vi inne og føler at alt går på skinner, sa Tim til NRK straks etter at kampen var over.

Skryt til spissduo

Trenarduoen Tom Mangersnes og Jonas Olsson var svært nøgde med sigeren, ikkje minst med det gode samarbeidet mellom Tim Nilsen og Mahatma Otoo.

– Det var moro å sjå på, det er eit spisspar som det luktar mål av. Dei var også dyktige til å kombinere spelet sitt, seier Mangersnes.

– Vi kan slå alle

Kor langt Sogndal kan kome i cupen, vil ikkje Olsson spekulere i, men han var ein nøgd mann etter sigeren onsdag kveld.

– Vi har ein moglegheit til å nå ein finale vi også, men det er mange hinder før vi kan kome så langt. Vi veit om at vi kan slå alle lag i Norge, seier Olsson.

Gustav Valsvik

TILBAKE: Gustav Valsvik var tilbake på bana i cupkampen mot Strømmen, etter den uheldige promilleepisioden.

Foto: Torben Stedje