NRK Meny
Normal

Psyché og Söderberg frå start i Drammen

Før ettermiddagens bortekamp mot Strømsgodset har Sogndal tatt fem poeng på bortebane i år. I Drammen møter dei eit lag som ikkje har til vane å tape.

Christophe Psyche

SCORA SIST: Christophe Psyché stod for Sogndal sitt einaste mål mot Odd førre helg. Mot Strømsgodset spelar han frå start.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Tom Mangersnes

VENTAR TØFF MOTSTAND: Assistenttrenar Tom Mangersnes i Sogndal Fotball.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er ein av dei tøffaste bortekampane i eliteserien, det veit vi på førehand. Godset har tapt éin av sine siste 54 heimekampar. Men dei tapte mot Vålerenga i siste heimekamp. Det viser at dei ikkje er uslåelege, seier assistenttrenar Tom Mangersnes i Sogndal Fotball.

Føler dei har fått tetta hôla etter Karadas og Valsvik

Mens Strømsgodset kjem frå 3–1 siger borte mot Sandnes Ulf sist helg, har sogndølene med seg 1-3-tapet mot Odd på Fosshaugane i bagasjen. Eitt av lyspunkta i den kampen, var nysignerte franske Christopher Psyché som scora Sogndal sitt mål.

Mot drammensarane får franskmannen fornya tillit. Tillit får også nysignerte svenske Tom Söderberg.

Tom Söderberg

NY-SIGNERT: Den to meter høge svenske stopparen, Tom Söderberg, får også tillit frå start for Sogndal.

Foto: ADAM IHSE / TT / TT NYHETSBYRÅN

– Psyche er ein klok spelande midtstoppartype med stor fart, litt annleis enn dei andre typane vi har og ein god tilvekst i Sogndal. Det same med Söderberg som har lang erfaring frå øvste nivå i Sverige. Han er stor og sterk og vi føler at vi har fått tetta hôla etter at Gustav Valsvik og Azar Karadas forsvann ut, seier Mangersnes.

– Godset vil trille ball

Assistenttrenaren ser føre seg eit kampbilde på Marienlyst der heimelaget blir det dominerande laget, og der Sogndal må satse på å gripe dei sjansane dei måtte få.

– Godset kjem til å ha mykje ball. Det ligg i spelestilen deira at dei skal trille mykje ball. Det gjer dei alltid på heimebane. Vi må vere gode nok i motspelet vårt og skaffe oss overgangar. Vi må hindre Godset i å få fylle opp for mykje, og vi må tore når sjansane byr seg.

Første møte med Valsvik

På motsett banehalvdel møter Sogndal for første gong Gustav Valsvik, etter av vikja melde overgang til Strømsgodset i sommar.

– Vi håpar Gustav skal vere kjempegod i Godset i mange år framover, men i dag er sjølvsagt målet at han ikkje blir det, kommenterer hans gamle assistenttrenar.

Mangersnes understrekar at Sogndal unner Valsvik å komme vidare.

Gustav Valsvik

MØTER GAMLE KJENTE: Gustav Valsvik forlèt Sogndal til fordel for Strømsgodset i sommar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er alltid kjekt å møte spelarar som har brukt Sogndal som springbrett til større klubbar. Vi er stolte og glade over at vi har fått jobbe med Gustav i såpass mange år, og vore med å gjere han til ein spelar som er god nok til at fjorårets serievinnar valde å kjøpe han. Det er nok ei fjør i hatten til spelarutviklinga i Sogndal.

Sjølv seier Valsvik at han håpar bli meir delaktig i spelet, enn han følte at han fekk vere i Sogndal. Der gjekk mykje av oppgåva ut på å vere ryddegut i forsvaret.

– I Sogndal blei eg kanskje litt for mykje midtstoppar. Eg har kanskje ikkje fått forbetre dei ferdigheitene eg har, seier han til Drammens Tidende laurdag. (krev innlogging)

Sogndal sitt lag mot Strømsgodset:

Mathias Dyngeland – Taijo Teniste – Bjørn Inge Utvik – Hannu Patronen – Helge Haugen – Rune Bolseth – Ulrik Flo – Tom Söderberg – Petter Strand – Babacar Sarr – Christophe Psyché

Benken: Kenneth Udjus - Eirik Skaasheim - Tonny Brochmann - Mahatma Otoo - Kristian Fardal Opseth - Tim Nilsen

Strømsgodset sin tropp:

Mounir Hamoud - Jeb Brosky - Bassel Jradi - Francisco jr. - Øyind Storflor - Peter Kovacs - Adam Larsen Kwarasey - Anders Gundersen - Iver Fossum - Flamur Kastrati - Martin Ødegaard - Gustav Mendonca Wikheim - Mohammed Abu - Thomas Sørum - Lars Christopher Vilsvik - Jarl André Storbæk - Marius Høibråten - Stefan Askovski - Gustav Valsvik - Marvin Ogunjimi

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå