Nye problem for Trond Fylling. Arkivfoto NRK
Vanskeleg start
Alt før kampen starta var Sogndal på hælane. Keeper Terje Skjeldestad vart verande i garderoben på grunn av skade, og Bjørge Fedje måtte steppe inn på kort varsel. Kampen hadde berre vart i seks minutt då Fedje måtte plukke den første ballen ut av nettet. Sjølv om Sogndal hengde nokolunde med, auka Bryne leiinga til 2-0 til pause.
Kurt Heggestad vart utvist
Ein omgang med ti mann
Og som om ikkje Sogndal hadde nok problem med 11 mot 11 mann, svartna det for Kurt Heggestad i pausen, slik at dei måtte fullføre med 10 mann. Dommaren meinte Heggestad slo til ein Bryne-spelar som hadde trakka på han då han låg nede.
Sentrale spelarar ute
Med stortapet på Bryne stadion har Sogndal tapt tre av seks kampar. Men det som kanskje er mest bekymringsverdig for Sogndal er skadene på sentrale spelarar. både Terje Skjeldestad, Joel Cedergren og Håvard Flo var ute med skade i kampen mot Bryne.