Hopp til innhold

Endeleg fekk Hella sjansen han har drøymt om for Sogndal

Sogndal–HamKam 2-0: Anders Hella har kjempa og trent som få for å komme inn i A-troppen til Sogndal. I dag kvitterte han med ei strålande skåring mot HamKam.

Anders Hella

DEBUTSKÅRING: Anders Hella skåra 2-0-målet for Sogndal mot HamKam.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

Den unge spelaren frå Stord imponerte stort i treningskampen mot HamKam i Sognahallen laurdag. Ein skikkeleg susar sende Sogndal opp i 2–0.

– Eg såg det var moglegheiter og satsa på at det gjekk bra, gliser Hella, som no vonar å spele seg til meir speletid for A-laget til Sogndal.

Han har bakgrunn frå 2. divisjon for Stord og 3. og 4. divisjon for Fjøra FK, men no trur han at vegen ligg open for ei karriere med eliteserielaget Sogndal.

Ulrik Flo

KJEMPA GODT: Ulrik Flo herja med HamKam-forsvaret i 1. omgang av treningskampen.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

– Veldig god innsats

– Det var utruleg morosamt og verkeleg kjekt å få speletid og skåring i dag. Sjølv om dette «berre» var ein treningskamp, så var dette stas, seier Hella.

Sogndal-trenar Jonas Olsson var og svært nøgd med sin unge elev.

– Kjempebra skåring og veldig god innsats frå Anders i denne kampen. HamKam var ingen lett motstandar, men eg tykte vi gjorde ein god kamp, seier Olsson.

Klar for Vålerenga

Jonas Olsson

GODT NØGD: Jonas Olsson var godt nøgd med treningskampen mot HamKam.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

Sogndal bytta mykje og prøvde ulike formasjonar gjennom kampen, og Olsson føler at dei no er klare for å møte Vålerenga på Ullevaal 2. påskedag.

– Vi syner her i dag at vi er på rett veg. Vi er i alle fall klare for å satse alt mot Vålerenga, slår Olsson fast.

Malick Mane sørga for det første målet til Sogndal i dag tidleg i 1. omgang.