Hopp til innhold

Sogndal vann på La Manga

Sogndal sikra ein 3 -1 siger mot Sandefjord på La Manga.

Christophe Psyché

DUELL: Christophe Psyché i duell på La Manga mot Sandefjord.

Foto: Anders Hoven, Digitalsport AS

Eirik Bakke

VANN PÅ LA MANGA: Eirik Bakke og hans menn vann 3-1 mot Sandefjord måndag.

Foto: Anders Hoven, Digitalsport AS

– Dette var ein treningskamp som viste at det vi trenar på nyttar, seier trenar Erik Bakke. Han er veldig fornøgd med måten laget framstår på.

Bakke fortel at dei har trent på vinne ballane høgt på bana. Sjølv om måndagens møte med Sandefjord enda 3–1 i favør av Sogndølene er ikkje Bakke heilt nøgd likevel

– Vi burde vunne med meir.

Robin Schroot, Mahatma Otoo og Ulrik Flo kunne alle skrive seg for ei skoring kvar i kampen måndag, og Flo reknar med dei at også kjem til å skore meir.

– Eg ser gutane jobbar godt. Eg trur dette kan bli eit godt lag, med mange sentrale spelarar som er godt i gang.

Torsdag møter laget Tromsø

– Vi er ikkje opptekne av motstandarden, sjølv om Tromsø kanskje kan vere eit hardare lag å møte.

No er det aller viktigaste å nullstille fram mot neste kamp.

– Vi må bygge noko nytt her. Viktig at vi får det inn i ryggmargen til alle. Når det sit trur eg det blir veldig bra.

Alt i alt er Bakke nøgd med det dei har fått til så langt

– Dei er slitne og har jobba godt i varmen. Trent godt i fem dagar. Eg trur vi blir eit vanskeleg lag å møte etter kvart.

Ulrik Flo , Robin Schroot og Mahatma Otoo

JUBLAR: Ulrik Flo , Robin Schroot og Mahatma Otoo var med på å sikre siger mot Sandefjord.

Foto: Anders Hoven, Digitalsport AS