NRK Meny
Normal

Sogndal vann over Haugesund

Med det har laget sikra seg eit forsprang på tabelltoppen i første divisjon.

Henrik Furebotn
Foto: Steinar Lote / NRK

Sogndal møtte Haugesund på bortebane i 13. runde i serien.

Les også: Følg tekstoppdatering minutt for minutt

Kom godt i gang

Sogndal kom godt i gang, men Haugesund spelte seg meir og meir inn i kampen.

I det 42. minutt kom den første scoringa.

Den stod Sogndalspelar Henrik Furebotn for, etter at han fekk servert ballen på 5 meteren av Jon Midthun Lie. Furebotn plasserte ballen i lengste hjørnet og Sogndal leia med det 1-0.

Også i andre omgang spelte Sogndal godt og vart registrert med målsjansar i både det 48 og 50 minutt.

Etter 63 minutt spelt heada Espen Olsen inn mål nummer to for Sogndal.

Etter dette gjekk piffen litt ut av Haugesundslaget og Sogndal vann til slutt kampen.

- Eg synst vi opptrer klokt. Vi får det første målet og derfrå og ut synst eg eigentleg vi styrer kampen, seier Sogndalstrenar Karl Oskar Emberland.

Toppar tabellen

Karl Oskar Emberland

Sogndalstrenar Karl Oskar Emberland meiner Sogndal har hatt det lille ekstra.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Etter sigeren over Haugesund ligg Sogndal framleis på toppen av tabellen i første divisjon.

Med 28 poeng har dei no sikra seg eit lite forsprang foran Kongsvinger som ligg på andreplass med 24 poeng. Hønefoss med 23 poeng ligg på tredjeplass.

Men forspranget er ikkje det viktigaste for Sogndalstrenaren.

- Det viktigaste er at vi har gode prestasjonar. At vi går ut på fotballbana og gjer jobben vår, så får heller tabellen berre gå sin gang, seier Emberland.

Han meiner laga i første divisjon er jamne.

- Men vi har hatt det lille ekstra. Det handlar om å vere litt klokare og litt smartare enn dei andre laga, og det føler eg vi har vore, forklarar Emberland.

Vegopning på Bergum i Førde kommune