Hopp til innhold

Leciejewski vart matchvinnar

Keeper Piotr Leciejewski redda straffe i dramatiske sluttminutt på Fosshaugane.

Piotr Leciejewski, Sogndal
Foto: Sander Heggheim/NRK

Sogndal vann 4-3 mot Follo på heimebane i kveld og ligg framleis i toppen av tabellen. Heimelaget hadde overtaket i store delar av kampen, men Follo kjempa hardt for å nå dei igjen.

Dramatisk vending

Heilt i slutten av kampen, med stillinga 4-3, dømde dommar Kai E. Steen straffe mot Sogndal, og kampen kunne tatt ei dramatisk vending for dei kvite.

Eirik Markegård vart takla i feltet og dommaren peika på straffemerket. Det var stor spenning på stadion då Markegård sjølv skulle ta straffa, og heimepublikum holdt pusten før ballen var på veg mot mål.

Men Leciejewski gjorde jobben og redda ballen. Dermed kunne Sogndal gå av bana med nok ein siger.

Piotr si femte strafferedning

– Eg har ein vond klump i halsen no. Eg hadde bestemt meg for kvar eg skulle skyte, men ombestemte meg to sekund før, seier ein skuffa Markegård til NRK.no.

Leciejewski var på si side svært glad for å ha sendt Sogndal i garderoba med tre nye poeng. Han har no redda fem straffer i år, og er godt nøgd med det:

– Det var deilig. Eg såg kvar han ville skyte, og eg gjorde det eg måtte, seier han.