Hopp til innhold

Sogndal vann målfesten

Sogndal 2 med pangstart på årets 3. divisjon.

Fotball illustrasjon.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Torsdag vann dei 6-3 over Kaupanger i generalprøva. Måndag kveld henta Sogndal 2 heim sine første poeng i 3. divisjon med 4-1 over same motstandar.

LES OGSÅ: Ikkje nøgd med eigne prestasjonar

På dei seks første kampane i 3. divisjon er det scora 22 mål.

LES OGSÅ: Målrikt i første runde

Slik kom måla på Kaupanger kunstgras:

Kaupanger - Sogndal 2

Sogndal 2 stilte med mellom andre A-lagsspelarane Lukaz Nadolski, Harald Stormoen, Kristian Brix, Henrik Furebotn og Valtter Laaksonen i startoppstillinga. På benken var også tidlegare Hønefoss-spelar Kai Risholt.

0-1 Henrik Furebotn, 26 min.

Furebotn set inn retur etter at Vegard Skjeldestad avvergar eit skot frå Kristian Brix.

0-2 Henrik Furebotn, 35 min.

Furebotn set inn sitt andre mål for dagen etter eit innlegg frå Valtter Laaksonen.

Det er pause på Kaupanger kunstgras. Gjestane frå Sogndal stiller med sterkt mannskap og køyrer kampen. Dei har produsert fleire gode sjanser som Skjeldestad har redda.

0-3 Oddbjørn Skartun, 47 min.

Kampen er i gang att og 18 år gamle Skartun aukar til 3-0.

0-4 Kristian Brix, 49 min.

Det skjer fort på Kaupanger kunstgras. Brix, som er på lån frå Vålerenga, scorar sitt første mål i Sogndal-trøya.

1-4 Bjarte Vatlestad, 57 min.

Vatlestad scorar Kaupanger sitt første mål for sesongen.

Det er slutt på Kaupanger kunstgras. Sogndal gjer fleire byte etter kvilen og heimelaget styrer mykje av spelet den siste halvtimen. Dei har også eit par avslutningar i tverrliggaren. Sogndal 2 vinn lokaloppgjeret 4-1 og tek alt i alt tre fortente poeng i seriepremiera.