Hopp til innhold

Magisk halvtime sikra nok ein Brann-skalp

Sogndal leverte sin beste fyrsteomgang under trenar Jonas Olsson. Det heldt så vidt til endå ein siger mot fotballstorebror på Vestlandet.

Ulrik Flo

AGGRESSIVE: Sogndal-spelarane var på hogget. Her Ulrik Flo i ein duell.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Festfotball frå Sogndal i det fyrste 30. minuttane var nok til siger i vestlandsderbyet mot Brann på Fosshaugane Campus i kveld. Men ein akrobatisk brannkeeper heldt på å øydeleggja moroa for heimepublikummet.

Laster innhold, vennligst vent..

Pangopning

Azar Karadas starta som spiss for Sogndal mot gamleklubben Brann på Fosshaugane Campus i kveld, og slo an tonen allereie etter eit minutt då han vann ein hovudduell og stussa ballen farleg til spissmakker Mahatma Otoo.

Det var nemleg eit aggressivt og friskt Sogndal som la trykk på bergensarane frå start.

Brasse-magi

Fleire store sjansar – mellom anna frå midtbaneeleganten Petter Strand – skaka brannkeeper Øystein Øvretveit, og i det 6. minuttet makta han ikkje lenger å stå i mot.

Ein corner frå Strand datt til slutt ned på straffemerket. Der stod toppskårar Otoo klar og brassesparka ballen akrobatisk i brannmålet. 1–0 til Sogndal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Otoo

BRASSE: Otoo let ikkje sjansen gå frå seg og sette inn kampens første mål etter berre seks minutt.

Foto: Christian Blom / NRK

Sogndal-kanonade

Etter skåringa heldt Sogndal fram med å pressa, og etter 11 minuttar er det igjen redning på brannstreken. Bjørn Helge Utvik headar hardt frå sju meter, men Øvretveit gjer eit tigersprang og reddar ballen saman med ein Brann-forsvarar, som står på kvitstripa.

Eit par minuttar seinare viste Øvretveit fram endå meir spektakulære krumspring då han gjorde ei dobbelredning og hindra på mirakuløst vis at Sogndal fekk sitt andre mål.

Gild fyrste halvtime

Den fyrste halvtimen var noko av det beste Fosshaugane-publikumet hadde sett frå Sogndal.

Det kunne fort ha stått 4–0. I det 23. minuttet heldt Øvretveit fram med å halda laget sitt inne i kampen.

Karadas kom gjennom brannforsvaret og sentra ballen kjenslevart inn til Otoo som på uforståeleg vis ikkje makta å setja ballen forbi brannkeeperen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Petter Strand

JUBLA: Petter Strand kunne juble etter å ha sett inn 2-0-målet i 44. minutt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Svakt Brann-lag

Fyrst etter ein halvtime viste Brann seg fram når dei braut eit sogndalåtak og kom på ein god kontring. Men utsøkt midtstopparspel frå Hannu Patronen utmanøvrerte Erik Huseklepp.

Bergensarane makta derimot ikkje å festa noko grep, og den fyrste omgangen såg ut til å ebba ut på stillinga 1–0 då vårens store hit på Fosshaugane, Petter Strand, brått drog seg fri på hjørnet av 16-meteren til Brann, klinka til, og sende ballen rett i krysset. 2–0 til Sogndal og trampeklapp frå øsne sogndalssupporterar.

Kalddusj i 2. omgang

Om sogningane var høgt oppe etter den fyrste omgangen, kom dei fort ned att på kunstgraset:

For etter 48 minutt var det tid for kalddusj. Toppskåraren på Brann, Jakob Orlov, sklir inn reduseringa. 2–1 og endå ein goalgetterskåring frå svensken.
I kvarteret som følgde, jamna kampen seg ut, utan at nokre av laga makta å ta styringa.

Fyrst i det 65. minuttet opna det seg. Otoo snappa ballen frå Brann-back Andreas Vindheim, skar innover, men skotet blei litt for laust, og Øvretveit fekk igjen keeperhanskane på ballen.

Bestemann på bana

Etter 69 minuttar var det kaptein Rune Bolseth sin tur å visa fram skotfoten. Frå 20 meter greidde han på halv volley å pressa ballen ned i Brann-hjørnet, men der var Øvretveit, den beste spelaren på bana, enno ein gong.

I det 73. minuttet viste Orlov seg igjen fram med ein skummel heading som sogndalkeeper Mathias Dyngeland så vidt makta å vippa over tverrleggjaren.

Tammare 2. omgang

Om dei fyrste 45 minuttane var eit fyrverkeri av ein fyrste omgang, var den andre langt meir ordinær.

Nærast utlikning kom Brann etter 84 minuttar, men skotet humpa over dødlinja til Sogndal.

To minuttar seinare fekk Sogndal ein farleg overgang, men Ruben Holsæter, som var komen inn for ein småskadd Ulrik Flo, skrudde ballen rundt Øvretveit, men diverre for Sogndal, utanfor Brann-målet.

Viktig siger

Mot slutten av kampen kasta Mathias Dyngeland seg i eit par tigersprang, som viste kva som bur i den 18 år gamle keeperen frå Fana.

Fire minuttar på overtid kunne dei 4000 tilskodarane på Fosshaugane sleppa jubelen laus for at Sogndal igjen vann mot Brann og sikra seg ein særs viktig 2-1-siger.