Hopp til innhold

Bolseth blei Sogndal sin redningsmann: «Dette var heilt vanvittig deilig»

Ikkje ein gong etter ei fantastisk skåring mot Viking, vil Rune «Bolli» Bolseth framheve sin eigen innsats. Det er poenga som gjeld, slår han fast.

Bolseth

JUBLA MED LAGET: Rune Bolseth sette inn Sogndal sitt sigersmål etter 80 minutt.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Etter ein av årets beste kampar for Sogndal var det ein svær lukkeleg Rune Bolseth som kom ut av garderoben. Siger mot Viking smakar svært godt.

– Dette var heilt vanvittig deilig. Vi har vore gode før pause i mange kampar, men i dag er vi best etter pause. Det var fantastisk å slå Viking som vi ikkje har slått på haugevis av år, seier Bolseth til NRK.no.

Det er ikkje så nøye. Det er tre poeng og det er det som gjeld, men sjølvsagt artig å skåre

Rune Bolseth, Sogndal

– Men no snakkar du om laget, kva med din eigen innsats. Du sørga jo sjølv for tre poeng med målet ditt i dag?

– Det er ikkje så nøye. Det er tre poeng og det er det som gjeld, men sjølvsagt artig å skåre. To sigrar på rad no og foran Brann på tabellen, i alle fall før kampen deira mot Odd, det likar vi.

Bomma på straffe

Komande helg set Sogndal kursen nettopp for Brann stadion og etter glitrande spel mot Viking har Bolseth verkeleg fått trua.

– Eg synes vi kjempar betre enn Viking i dag og eg synes ikkje dei var så gode som dei har vist i tidlegare kampar. Eg synes vi var bra i dag, men vi må berre ta ein kamp av gangen og no gler vi oss til å reise til Bergen. Det blir veldig artig, sler Bolseth fast.

Men Sogndal kunne vore i leiinga i kampen alt frå 71 minuttar. Sogndal får straffe, men Malick Mane set ballen i keeperhøgde og ein strålande god Viking-målvakt Rune Almenning Jarstein får ei hand på ballen og boksar den ut i feltet. Sidy Sagna nikkar returen mot mål, men Jarstein reddar den også.

Rune Bolseth sette inn vinnarmålet mot Viking

Rune Bolseth var strålande nøgd etter sigeren mot Viking.

Bitter Jarstein

Etter kampen var Jarstein langt meir oppteken av at han slapp inn skåringa frå Bolseth, enn av sin eigen soloprestasjon på straffa frå Mane.

Det var bittert, men eg tykte ikkje vi fortente så mykje betre i dag

Rune Almenning Jarstein, Viking

– Det var bittert, men eg tykte ikkje vi fortente så mykje betre i dag. Vi hadde sjølvsagt eit håp om å få eit poeng, eller kanskje tre, men… Vi fokuserte litt i garderoben på at vi måtte nullstille oss, det er ingenting som går av seg sjølv utpå der. Kva som går gale, det får vi heller ta internt, sa Jarstein til NRK.no før han måtte stålsetje seg for ni timar i buss heim til Stavanger.

jarstein

REDDA STRAFFE: Rune Almenning Jarstein fekk handa på ballen og redda straffesparket frå Malick Mane.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Han er ein stor leiar

Sogndal-trenar Jonas Olsson var som vanleg nøkternt jublande etter sigeren. Han legg stor vekt på at Rune Bolseth ikkje berre vert kampvinnar, men at kapteinen er svært viktig for heile laget.

– Det er veldig moro for Rune. Han er ein stor leiar som betyr veldig mykje for oss, meiner Sogndal sin svenske trenar.

Det er veldig moro for Rune. Han er ein stor leiar som betyr veldig mykje for oss

Jonas Olsson, Sogndal-trenar

– Alle står på for kvarandre

Sogndal er no oppe i 29 poeng, og mykje skal gå gale i dei siste kampane om det ikkje vert ny eliteseriekontrakt for laget.

– Det denne sigeren seier er at det er ein jamn tippelaga og at vi har eit bra lag som gjer bra i frå seg. Alle står på for kvarandre og hjelper kvarandre til godt spel, sler Olsson fast.

– Sogndal var betre

Trenarkollega i Viking, Kjell Jonevret, innrømmer at det blir eit par dagar med depping etter tapet mot Sogndal.

– Sogndal var betre, og så hadde dei vel litt marginar med seg og vi var ikkje tilstrekkeleg skjerpa då vi fekk dei få sjansane vi hadde i kampen.

Jonas Olsson om siger over Viking

Jonas Olsson om siger over Viking

Rune Almenning Jarstein om tapet mot Sogndal.

Rune Almenning Jarstein