Hopp til innhold

Ulrik Flo fillerista Fyllingsdalen

Etter ein laber førsteomgang, banka Sogndal inn tre mål på fem minuttar, før Ruben Holsæter la på til 4-0 i 69. minutt.

Ulrik Flo

I SVING: Ulrik Flo synte kva han var god for mot Fyllingsdalen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ulrik Flo stod for dei to første måla, Ole Jørgen Halvorsen nummer tre.

Fyllingsdalen fekk inn eitt mål i 91. minutt, men det hjelpte så lite.

Første omgang var prega av heller rotete spel, og Tore André Flo brende eit par sjansar utan at det kom noko meir ut av det.

Nevøen fekk fart på sakene

Men då han vart bytt ut til fordel for nevø Ulrik Flo, fekk pipa ein annan lyd. Ulrik fekk i 48. minutt ei målgjevande pasning frå Ørjan Hopen, som i dag spelar venstre back sidan Per Egil Flo prøvespelar for Vålerenga.

Det første til første målet for Sogndal. Fire minuttar seinare var farlege Flo på ferde att, denne gongen med ei glitrande pasning frå Malick Mane, og dermed var 2-0 eit faktum.

Holsæter i godt slag

Fire minuttar seinare måkar Ole Jørgen Halvorsen inn 3-0-målet, før Ruben Holsæter får sjans til å parkere ballen i nettmaskane til 4-0 etter ei lekker pasning frå Mane igjen.

Sogndal og Fyllingsdalen gjekk til pause på stillinga 0-0,