Marco Reda
Men i første omgang var det lite som vitna om at Sogndal ville vinne. Ikkje ein skikkeleg målsjanse produserte sogndølene, medan Stabæk dominerte spelet, hadde fire gode sjansar, og skåra eitt mål etter corner ved Inge Andre Olsen etter 40 minutt.
Men i andre omgang snudde det seg. Først utlikna Marco Redaetter 15 minutt, og så kom Alexander Ødegaard gjennom på ei kontring sju minutt seinare. Han la ballen til Kristian Ystaas, som kunne sette ballen i ope mål. Det var noko av det første Ystaas gjorde etter å ha kome inn for Tommy Øren.