Hopp til innhold

Sogndal vann 1-0

Sogndal vann borte mot Bodø-Glimt søndag. Espen Olsen sette ballen i krysset på overtid.

Sogndal
Foto: Rune Fossum / NRK

Nærmar seg opprykk

Sogndal har lenge trona øverst på tabellen. Men vegen mot eliteserien blir kortare og kortare. Med sigeren søndag har Sogndal 6 poengs avstand til tabelltoar Fredrikstad, og 10 poengs avstad til tabelltrear Sarpsborg. Endå er det fem serierundar att, og Sogndal spelar borte mot Follo komande veke.

Fyrste siger i Bodø

Ifølgje Sogndal sine eigne statistikarar hadde laget aldri vunne eit borteoppgjer mot Bodø/Glimt. Etter 11 forsøk på Aspmyra har Sogndal sju gonger reist heim med tap. Fire av kampane har resultert i uavgjort. Men i dag vart det siger. Espen Olsen klinka ballen rett i krysset i det 92.minutt, til stor jubel både frå trenarar, tilskodarar og frå benken.

Les også: Hadde aldri vunne på Aspmyra før .

Sjå kampreferat her: Bodø/Glimt - Sogndal

Les også: Sogndal avgjorde på overtid