Hopp til innhold

Sogndal valsa over Notodden

- I dag var det veldig mykje bra, seier Torbjørn Glomnes etter Sogndal-juniorane sin storsiger over Notodden.

Medan Sogndal i går hadde marginane på si side mot Molde , hadde juniorane frå fylket små problem med å tukte Notodden.

- I dag var det etterkvart skilnad på laga. Vi var betre enn Notodden, seier Glomnes.

Mange overgangar

Ved pause stod det 3-0 etter scoringar av kaptein Bernt Norevik, Mads Wie og Ørjan Hopen. Dei tre siste måla vart sett inn av Thomas Starheim og Ole Johnny Cirotzki (2) etter kvilen.

- Notodden var ikkje eit så sterkt lag som Molde. Samstundes har nok vi løfta spelet vårt og er flinkare med det vi ynskjer å få til. Vi legg oss bevist i presshøgde på midtstreken for å få brudd. Og i dag fekk vi mange overgangar med fart, seier ein godt nøgd trenar.

- Var moro i dag

Fire av dei seks måla com etter overgangar. Dei to siste etter corner og frispark.

- I dag var det stor vilje, stor entusiasme og spelarar byr på seg sjølve. Det var moro i dag. Skuldrane var nede i frå start, seier Glomnes. Han meiner Notodden var mindre taktiske i sitt spel, enn det Molde var i går.

Haugesund på søndag

- Vi møtte eit godt Molde-lag i går og dei var flinke til å ta ut det vi ynskte å få til. Då var vi lite flinke til å løyse det, seier han. Søndag avrundar Sogndal med kamp mot Haugesund. Eit lag som fredag slo dagens motstandar 4-1.

- Haugesund har eit godt lag og vi må nok opp mot vårt beste for å slå dei, seier Glomnes.