Hopp til innhold

Sogndal ute av cupen

Sogndal tapte 1-3 mot Follo søndag, og er ute av NM-cupen.

Sogndal - Espen Olsen jubler for mål

MÅL: Espen Olsen scora for Sogndal, men måtte gå av bana med eit surt tap i kvartfinalen mot Follo.

Foto: Nyhetsspiller

Av Sogndal-ekspert Jon Navarsete

- Dette var pinleg

Henrik Furebotn hadde berre eit ord å koma med rett etter at dommaren bles av kampen. Det blir ingen semifinale for Sogndal, trass i at laget dominerte totalt i 30 minuttar for så å falla saman som det berømte korthuset.

Furebotn gjekk av bana, sint og skuffa etter det forsmedelege 1-3 tapet for Follo.
- Utruleg skuffande. Vi rundspelar Follo i 30 minuttar og kjempar om ein plass i semifinalen. Og så drit vi oss rett og slett ut. Uff, dette var pinleg, seier Furebotn.

- Dei kjempa betre enn oss og ville mest. For meg er det helit uakseptabelt. Vi spelar for ein plass i semifinalen, og då er det helit på trynet at vi ikkje maktar betre enn dette. Nei, no må vi gå kraftig i oss sjølve, fresar årdølen etter begredelege 1-3 mot Follo.

Opna best

Det opna forrykande for Sogndal. Både Ole Jørgen Halvorsen, Ulrik Flo og Barry Kader hadde store nok sjansar til å senda Sogndal til semifinalen i årets NM. Men det vart med Espen Olsen sitt eine mål før pause.

- Vi har full kontroll og skal avgjera dette. Uforståeleg det som skjer i andre omgang. Vi dett bakpå, sluttar å spela ball og let Follo overta styringa, seier Mats Solheim.

For kvartfinaletapet kan bli surt å fordøya for Sognsdal som no skal ut i ein tøff haustspurt i kamp for opprykk.

- Slik som dette kan vi ikkje opptre. Det blir store avstandar i laget, og eg føler Håvard og meg blir åleine der oppe på topp. Vi må finna tilbake til taktene frå opninga av kampne. Då spela vi god og variert angrepsfotball, seier ein utrlueg skuffa Ulrik Flo.

Ein dårleg trend held fram

Dermed kan det sjå ut til at trenden frå dei siste oppgjera mot Fredrikstad og Sarpsborg held fram. Det var mistenkeleg lett å få Sogndal ut av stilen på Ski stadion.

Etter den gode opninga fall laget tilbake, mista gnisten i duellspelet og let Follo ta initiativet. Duoen Bonaventure og Markegård hjå Follo skapte kjempetrøbbel for Even Hovland og Co utover i kampen.

Dei to var på mange måtar skilnaden på laga. Vinnartypar som stod fram då det gjaldt.

- Usannsynleg lang busstur heim

For Sogndal blir det ein slags samling i botn. Laget er inne i ein dårleg periode. Spelegleden er ikkje som den skal vera, så trenar Harald Aabrekk må fram med alle dei beste "triksa" sine for å få spelarane i gang att med det vi veit dei kan.

- Dette blir ein usannsynleg lang busstur heim. Uff. Men all honnør til Follo for kjempeinnsats og plass i semifinalen, avsluttar Tommy Øren som fekk spela dei siste 15 minuttane av cupfadesen.