Hopp til innhold

Sogndal utan Patronen

Sogndal må truleg greie seg utan midtstoppar Hannu Patronen i dei to kampane som er att før laget får ein pause på ein månad.

Hannu Patronen
Foto: Rune Sjøberg

Patronen forlet Brann stadion på krykker onsdag kveld etter 0-5 mot Brann. Han fekk ein skade etter 70 minutts spel av marerittkampen og måtte gå av bana.

I dag skal skaden sjekkast nærare, men den finske stopparen er redd for at han må ta ein pause frå fotballen. Sogndal har bortekamp mot Lillestrøm komande søndag og heimekamp mot Sandnes Ulf 23. mai.

Deretter er det pause til 24. juni, då det er bortekamp mot Aalesund.

Trenar Jonas Olsson kryssar fingrane for at skaden ikkje er verre enn at Patronen kan spele. Finnen har vore ein viktig brikke i forsvaret til Sogndal så langt i sesongen.