- SJÅ:
- FØLG:
- Tarjei fekk ein lyskestrekk på treninga fredag, og er ikkje med, stadfestar assistenttrenar Ole Hjelmhaug.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TABELLEN)
Olsen frå start?
Sogndal er i Moss for å sikre seg tre nye poeng. Som venta er ikkje Rune Bolseth med på turen etter
sist helg. Heller ikkje Tarjei Dale, som er toppscorar med sju mål, er å finne i troppen. Med er derimot Kenneth Kvalheim som spelar for Sogndal på lån frå Moss.- SJÅ:
- Det er klart Tarjei blir eit sakn. Han er ein målscorar og har gjort både gode innhopp og gode kampar. Men slik er det i fotball. Vi lever med skader, og det opnar for at andre kan få prøve seg, seier Hjelmhaug.
Ulrik, Elvis eller Anders
Medan Dale truleg blir erstatta av Espen Olsen, er det førebels uvisst om Elvis, Anders Stadheim eller Ulrik Flo tek over plassen til kaptein Rune Bolseth sentralt på midtbana.
- Det blir ei ny komponering av midtbana, men eg trur vi skal løyse det på ein god måte, seier Hjelmhaug.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)
Moss er gode heime
Karl Oskar Emberlandhar sagt at Sogndal må vinne i Moss. Sogndal er det nest beste bortelaget i divisjonen, og har vunne 11 av dei 25 siste oppgjera mot Moss. Sogndal er førebels fire poeng bak leiar Kongsvinger. På Melløs har Sogndal vunne 3 av dei 12 siste kampane. Sogndal har att tre kampar av sesongen.
- LES OGSÅ:
- Det blir ein vanskeleg kamp. Moss er gode heime, men vi må vinne dei siste kampane for å henge med. Vi må prestere og ha tre poeng, seier Hjelmhaug.
Poenga viktigast
- Er det slik at poenga no er viktigare enn måten de får dei på?
- Det kan ein godt seie, svarar Hjelmhaug.
Sogndal la om til 4-4-2 mot Løv-Ham sist. Truleg blir det same formasjon også mot Moss. Heimelaget er før kampen nummer åtte på tabellen.