– Eg skulle visst reaksjonen om vi ikkje kom oss på kamp. Det er utruleg frustrerande når vi jobbar så hardt heile gjengen for å komme oss tilbake i Eliteserien, medan fotballforbundet tek så lett på det og set opp ein lokal dommar, seier Eirik Bakke.
Flytrøbbel stogga dommar
Sogndal-trenaren vart lite imponert over dommarendringa som møtte han ved framkomst SR-Bank Arena i Stavanger i dag. Hovuddommar Steinar Hauge kom seg ikkje frå Bergen grunna flytrøbbel.
- Les også: Viking parkerte Sogndal i opprykkskampen
Dermed fekk fjerdedommar Mischa Kellerhals frå Bryne debuten i 1. divisjon.
– Det hadde vore noko anna med sjukdom eller skade, men når ein ikkje kjem seg til kamp, så blir det for useriøst, seier Bakke og meiner det sette den lokale dommaren i ein vanskeleg situasjon.
– For guten sjølv kan det ikkje vere berre berre å bli kasta innpå ein slik kamp, der det står så mykje på spel, seier Bakke.
– Bør reise dagen før
Laga kjempa om viktige poeng i opprykkskampen. Bakke seier han ville tatt opp problemstillinga uansett resultat. Viking vann 2–0.
– Vi brukar så mykje tid og økonomi på å komme oss ned dagen før, og det bør også dommarane gjere, seier han.
Dommarsjef Terje Hauge seier forbundet vart klare over at hovuddommaren ikkje ville nå fram to timar før avspark. Flyet i 10-tida vart kansellert, medan flyet i 13-tida vart forseinka.
Hauge seier at dommarar som reiser på kampdag, skal ha ein flyavgang i «back-up». Dei som ikkje har det, må reise kvelden før.
– Eit godt innspel
Dommarsjefen meiner likevel at Bakke har eit godt innspel når han meiner dommarane bør reise til kamp dagen før.
– Vi må diskutere om det er rutinar vil bør innføre på hausten, men dette handlar om kostnad og tid, seier Hauge.
Han avviser påstandane om at fotballforbundet tek lett på dommargjerninga i 1. divisjon, og viser til at både eliteserien og førstedivisjon har av dei beste lokale dommarane frå nivået under som fjerdedommarar.
– Skal ein fly inn fleire dommarar frå andre kretsar, så blir det ein ekstrakostnad for klubbane ettersom dei betalar dommarane, seier Hauge.
– Følgde retningslinene
Kellerhals ynskjer ikkje å kommentere problemstillinga Bakke reiser, utover at NFF følgde retningslinene for dommarar. Han vil heller ikkje kommentere avgjerda om å la spelet gå då Eirik Schulze vart hekta og gjekk i bakken innanfor 16-meteren. Då leia Viking 1–0.
Bakke er klar på at det var straffe. Det er likevel heile situasjonen som irriterer Sogndal-trenaren mest.
– Eg skal diskutere med Håvard Flo (sportsleg leiar, red. anm.) korleis vi tek dette vidare. Det kan ikkje vere lokale dommarar i ein toppkamp, seier han.