Hopp til innhold

«Det vart lite søvn i natt»

Sogndal-trenar Jonas Olsson stilte opp i 17. mai-toget, men han innrømmer at det var knalltøft etter 5-0-tapet for Brann 16. mai.

Jonas Olsson

GJEKK I TOG: Sogndal-trenar Jonas Olsson saman med arrangementssjef Geir Inge Heggestad og fotballpresident Yngve Hallén.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tradisjonen tru gjekk A-lagstrenaren for Sogndal i borgartoget frå Fjøra til Fosshaugane i Sogndal 17. mai. Men det var lite nasjonaldags-jubel å spore hos Jonas Olsson.

Klar for ny kamp

– Eg må jo innrømme at det vart svært lite søvn natt til i dag. Men no er vi berre nøydde til å snu oss rundt, vi har trass alt ny kamp alt komande søndag, sa Olsson til NRK under 17. mai-feiringa på grasbana til Sogndal Fotball.

Søndag er det Lillestrøm som ventar på bortebane, og Olsson forsikrar at det vil gjere alt dei kan for å rette opp inntrykket frå dei siste kampane. Cup-tap mot Florø og serietap mot Strømsgodset, Viking og Brann er slett ikkje godt nok for Sogndal, som opna sesongen bra i år.

Ville feire 17. mai

– No skal vi rette fokuset mot Lillestrøm-kampen, og i dag skal vi feire den norske nasjonaldagen. Det får vi tru blir kjekt, slo Olsson fast, medan musikklaget gjorde seg klar til å spele opp på Fosshaugane-graset.

Fleire av eliteseriespelarane var og tilstades under 17. mai-feiringa, men fleire valde og å bli verande att i Bergen etter stortapet mot Brann.

Kritisk kaptein

Etter stortapet mot Brann, var ikkje Sogndal-kaptein Henrik Furebotn nådig om laginnsatsen.

– Me trur kanskje at me er betre enn det me eigentleg er. Suksessen dei fyrste kampane har vore hardt arbeid der alle jobbar for kvarandre. I dag vert det litt meir ein og ein for seg sjølv, og me er ikkje eit samla lag. Då blir det ein del baklengs og lite mål framover, sa ein skuffa Sogndal-kaptein, Henrik Furebotn.