– Vinnarviljen viser at spelarane har lyst å vere i Eliteserien

Sogndal sikra seg tre poeng over Florø søndag kveld. – Med den vinnarviljen spelarane har, viser dei at dei har lyst å spele i Eliteserien neste år, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Sigurd Haugen, Sogndal

TOMÅLSSCORAR: Sigurd Haugen scora begge måla for Sogndal.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

Med 1–2 på Florø Stadion, kunne andreplass-innehavaren ta med seg tre poeng heim til Sogndal. Det var Sogndal-trenar Eirik Bakke fornøgd med.

– Med den vinnarviljen spelarane har, viser dei at dei har lyst å spele i Eliteserien neste år. Vi har meir å gå på. No er vi med, og det er det som gjeld, seier Bakke.

Viktig å setje press

De går inn i ferien høgt oppe på tabellen, kor viktig er det?

– Eg trur det er viktig å setje press på dei andre laga, både Viking, Mjøndalen og Ålesund. Skal vi vere med dei der oppe, blir det å vise at vi er med frå helg til helg. Viking og Ålesund er nok favorittar, men vi skal vere med å kjempe, seier Bakke.

Eirik Bakke

PÅ TIDE: Sogndal-trenar Eirik Bakke var nøgd med siger: – Lokaloppgjer er fantastisk. Fortset Florø slik, kjem mange lag til å slite her. Men det var på tide at vi vann her oppe, seier Bakke.

Sigurd Haugen scora begge måla for Sogndal. Allereie før minuttet av kampen var gått, sette han ballen i mål. Midtvegs i første omgang scora Haugen på ny.

– Det var godt å setje to mål mot Florø og starte ferien med siger. Heile kampen var full av høg temperatur og kniving, sånn som det skal vere når to rivalar møtest, seier Haugen.

– Uheldige

Florø reduserte i andre omgang, då laget fekk straffe i ein situasjon der Sogndal-keeper Mathias Dyngeland fekk gult kort. Luc Jeggo scora for Florø. Florø-trenar Terje Rognsø var skuffa over å ikkje ta poeng på heimebane.

Peter Aase (Florø) og Stanisa Mandic (Sogndal)

TAP: Peter Aase og Florø måtte sjå seg slått av Sogndal på heimebane.

Foto: Truls Kleiven

– Vi er eigenleg uheldige som ikkje får mål i andre omgang som gjer at det kan bli uavgjort. Men eg synest vi stod bra opp mot dei. Vi skal ta med oss innsatsen og viljen vidare, og slå ifrå oss til hausten, seier Rognsø.

Kva tenkjer du om avslutte første del av sesongen på botnen?

– Det er ikkje noko ein likar, men slik situasjonen har vore i vår, med mange endringar og mange viktige spelarar ute, er det større lag enn oss som hadde fått problem.

Terje Rognsø

IKKJE SKREMT: Florø-trenar Terje Rognsø synest det er tungt å gå inn i ferien med tap. – Vi føler vi like gjerne skulle hatt poeng i dag som dei. Men vi er ikkje skremde over forskjellen når ein tenkjer på at dei ligg på andreplass og vi sist, seier Rognsø.

Foto: Truls Kleiven

Rognsø seier dei no skal byggje vidare på det dei har gjort siste månaden.

– Vi er defensivt meir solide, så må vi bli betre framfor mål. Der er teikn på betring.

Halde fram

Florø-spelar Runar Hove synest tapet mot Sogndal var bittert.

– Vi hadde fortent eit poeng eller tre i dag. Men slik er det, det er ofte marginane går imot oss no, når vi er eit botnlag.

Korleis skal de greie å snu skuta?

– VI må gjere det vi gjer i dag. Gjer vi det, plukkar vi nok poeng til å halde oss, seier Hove.

Laster innhold, vennligst vent..