Hopp til innhold

Sogndal klarte 2-2 borte mot Tromsø

(TROMSØ 2 – 2 SOGNDAL) Etter å ha leia 2-0 etter 26 minutt slapp Sogndal Tromsø inn att i kampen, og må reisa heim til Vestlandet med «berre» eitt poeng.

Sogndal feirar mål

STAMNESTRØ SKÅRA: Sogndal feirar Magnus Stamnestrø sitt 2-0-mål borte mot Tromsø søndag.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Sogndal spelte 2–2 borte mot Tromsø søndag kveld, eit sterkt resultat for Sogndal sin del.

Sogndal sjokkerte nok dei fleste på Alfheim stadion i dag. Etter 22 minutt sette Azar Karadas inn 1–0 og berre fire minutt seinare var Magnus Stamnestrø frampå og dobla leiinga for bortelaget.

På det første målet dribla Malick Mane seg fram langs kanten og skar innover mot mål. Han sprang langs daudlinja og la inn framfor mål der Karadas kom susande og dundra ballen i mål.

Knapt før dei to sogndalsupportarane på tribunen hadde feira ferdig, var bortelaget frampå endå ein gong.

Azar Karadas stussar ein høg ball vidare frå 20 meter. Magnus Stamnestrø kom åleine gjennom mot tromsøkeeper Marcus Sahlmann og gjorde ingen feil. Eit sjokkert heimepublikum fekk sjå at bortelaget leia 2–0 etter 26 minutt.

Tromsø kom sterkt tilbake, og etter 38 minutt reduserte Zdeněk Ondrášek for heimelaget. Det resultatet heldt til pause. Etter 63 minutt fekk tromsøspelaren Josh Pritchard raudt kort, men i staden for at Sogndal utnytta å vera ein mann meir på bana, var det heimelaget som endå ein gong fann vegen til nettmaskene. Jarosław Fojut var høgst av alle på ein tromsøcorner og stanga inn mål for vertane.