Hopp til innhold

Sogndal tok poeng borte mot FKH - men Furebotn ville hatt alle tre

Sogndal tok eitt poeng borte mot Haugesund fredag kveld. Spelarutviklar Håvard Flo var veldig godt nøgd med det, men Henrik Furebton var litt småskuffa over at ikkje alle poenga vart med heim til Sogn.

Ulrik Flo

VART IKKJE SCORING I DAG: men Ulrik Flo og co slapp ikkje inn mål mot Haugesund heller.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Håvard Flo

NØGD: Håvard Flo.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Kampen kunne gått begge vegar. Me tente litt på medvinden i første omgang, der me klarte å setja dei under press slik at dei ikkje fekk til spelet sitt so bra, seier Håvard Flo.

– Me kunne avgjort det, seier Henrik Furebotn, om kampen som enda 0-0.

Sogndal har dermed teke fire poeng på dei siste to kampane.

Medvind

Sogndal starta kampen med ein veldig medvind i ryggen, noko som dei fekk nytte av. I andre omgang løya vinden litt, og Sogndal fekk dermed ikkje det so tøft som heimelaget gjorde i fyrste omgang. Men ein tøff omgang skulle det bli likevel.

– Eg var meir skeptisk i andre omgang, men eg syns me var gode og hadde nokre sjansar me kunne scora på. Men Haugesund har nokre store sjansar dei også, so alt i alt er eg godt nøgd med eitt poeng, seier Flo.

Etter 35 minutt fekk Sogndal sin største sjanse. Malick Mane slo ein corner, og høgast raga Gustav Valsvik. Men på streken stod Haugesund sin Johannesson, og dermed vart det berre nesten for vikjen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henrik Furebotn

NOK EIN GOD KAMP: ... av Henrik Furebotn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Flaks på slutten

Dei siste 15 minuttane av oppgjeret kasta Haugesund fram mann og mus for å den etterlengta scoringa. Men Sogndal heldt stand, sjølv om heimelaget hadde nokre eventyrlege sjansar som var centimetrar frå å gå inn.

– Dei skapar masse dei siste fem minuttar, då går me litt opp i liminga og klarar ikkje å henta oss inn att, Me har litt flaks på slutten, men det må ve også ha av og til, seier Henrik Furebotn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hannu Patronen og Alexander Søderlund

MÅTTE UT: Hannu Patronen måtte ut etter å ha fått ein liten trøkk i sluttminuttane.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Det var veldig intenst. Dei er på heimebane og har medvind, og dei dyttar på med folk for å få det siste målet. So måtte Patronen ut, og det vart litt kaotisk og hektisk på slutten der. Me ser at me får nokre moglegheiter som me kunne straffa dei på også, men me er nøgde med eitt poeng, seier Flo.

– Kunne tatt alle tre

Furebotn spelte heile kampen på midtbana til Sogndal, og tok over kapteinsbindet då Eirik Bakke gjekk ut etter 81 minutt. Han var nøgd med poeng, men sat at me kjensla av at dei kunne fått alle tre med seg på bussturen heim til Sogn.

– Før kampen hadde me vore veldig nøgde med eitt poeng, men no etter kampen er me litt småskuffa over at me ikkje tek alle tre poenga. Me hadde nokre store sjansar i fyrste omgang, og har også nokre i andre omgang.

Eirik Bakke

TILBAKE FRÅ START: Eirik Bakke starta kampen i Stephané Badji sitt fråvêr.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Han meiner Sogndal skulle hatt eit straffespark, men dommarane var ikkje eining.

– Me er litt inn att på det sporet me var før i år. Me er veldig bra borte, no må me berre få i gang sigersrekkja på heimebane so blir dette bra, dette her, seier Furebotn.

Flo sakna Badji

Stéphane Diarra Badji var utilgjengeleg til dagens kamp, då han er med Senegal sitt landslag i førebuingane til OL. Flo seier at han skulle ønska 22-åringen kunne vera med fredag.

– Ja, me sakna han. Han har hatt nokre veldig gode kampar dei siste vekene. Dei som tok jobben hans i dag gjorde det veldig bra, men me må nok vera ærlege og sei at om me hadde hatt Badji so hadde me hatt enda fleire strenger å spela på.