NRK Meny
Normal

Ujah: - Dette hadde vi ikkje venta

Anthony Ujah var langt nede etter 0–2 for tabelljumbo Sogndal.

Anthony Ujah, Isak Scheel, Vegar Gjermundstad

NESTEN: Anthony Ujah kjem seg fri frå Isak Scheel, men makta ikkje klare å overliste Kenneth Udjus i Sogndal-buret.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med tomålssigeren klatra Sogndal over nedrykksstreken i Eliteserien.

Dette var ikkje bra. Vi venta ikkje å miste alle poenga, men alt endra seg på to minutt, seier eliteserien sin toppscorar med åtte mål, Lillestrøms Anthony Ujah.

Skuffa Ujah

I 90 minutt kjempa han og lagkameratane med å kome seg gjennom Sogndal-forsvaret. Når dei lukkast med å avslutte, gjekk det i aluminiumen, utanfor mål eller på Sogndal-keeper Kenneth Udjus.

Sjølv var Ujah åleine med keeper og måtte sjå ei avslutning gå i stanga og ut.

– Det var ikkje gode avslutningar. Eg misser sjølv eit par. No gjekk vi på vårt første tap på bortebane, seier han skuffa.

Tamde toppscoraren

For Even Hovland, Mats Solheim, Isak Scheel, Vegar Gjermundstad og Per Egil Flo gjorde ein god jobb å demme opp mot gjestene.

Nigerianarane Ujah og Nosa Igiebor har scora til saman 13 mål på Lillestrøm sine åtte første kampar i år.

– Det er fantastisk. Vi greier å halde nullen, og vinn 2–0. Alt gjekk heilt etter planen. Vi viser ein fantastisk arbeidsmoral, strålar midtstopparkjempa Even Hovland. Som sjølv starta det magiske minuttet for heimepublikumet med si første scoring.

Imponerte ikkje Ujah

– Vi skulle stenge alt, og ikkje la dei få sjansar. Rett nok fekk dei nokre store og er farlege framover, men det var vi også. Vi må bli meir effektive, seier Hovland.

Ujah var derimot ikkje like imponert over forsvarsrekkja til Sogndal. Han meiner det sleipe underlaget skal ha mykje av skylda for at kanarifuglane returnerer frå saftbygda utan poeng.

– Det var likt for begge lag, men berre vent til vi kjem på ei skikkeleg godt underlag. Då skal vi vise oss betre fram, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Hovland gir Sogndal 1-0 mot Lillestrøm.

1-0: Even Hovland har gjort 1-0 for Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Den skulle inn

Etter ein førsteomgang der gjestene var det førande laget, hadde kampen jamna seg ut. Hovland sende heimepublikumet til himmels då han i det 85. minuttet dunka inn leiarmålet etter corner frå Ole Jørgen Halvorsen.

Eg snudde meg rundt og såg ballen, då var det om å gjere å hamre den i mål. Den skulle inn, koste kva det koste ville, fortel Hovland.

– Gamle synder

Ein annan mann som var godt nøgd, var trenar Harald Aabrekk. For første gang sidan 24. oktober 2004 kunne publikum på Fosshaugane juble over tre eliteseriepoeng. Då vart Odd Grenland slått 4–2.

Harald Aabrekk

NØGD: Harald Aabrekk har all grunn til å smile lurt etter å ha sett disiplane ta skalpen på Lillestrøm.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Før sesongen såg Sogndal ut til å velje ein 4-4-2 formasjon. Dei siste kampane har eidaren halde seg til ein slags 5-2-2-1 formasjon. Mot Viking leverte dei ein svak kamp, medan prestasjonane i 1-0-sigeren over Stabæk var langt betre.

Resultatmessig er eg veldig nøgd. Vi er gode defensivt, men offensivt føler eg vi tek eit steg tilbake etter Stabæk-kampen. Vi er litt tilbake til gamle synder og blir litt for tronge offensivt, seier han.

Stoppar som back

Sjølv meiner Aabrekk at Vegard Gjermundstad, midtstopparen som vart vist til backplass mot Lillestrøm, gjorde ein god figur. Vaimingen spelte sin første heimekamp frå start mot kanarifuglane.

I opningsminutta kunne han endåtil fått nettkjenning om han hadde nådd frisparket frå Ole Jørgen Halvorsen.

– Eg er veldig nøgd med Vegar. Han gjorde ein fantastisk jobb, avsluttar Aabrekk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.