Hopp til innhold

Sogndal tok første stikk i Bergen

BERGEN: Med kallassiger tok Sogndal sine niåringar første stikk i Bergen, berre timar før slaget om Vestlandet står på Brann stadion.

Sogndal og Askøy sine G09-lag barka saman til oppgjer i timane før det verkeleg tek laust på Brann stadion. Sogndal vann komfortabelt.

SJÅ VIDEO: Sogndal sitt gutelag vann alle, utanom ein kamp, mot eitt år eldre spelarar under Grodås cup laurdag. I dag gav dei sogningane ein god start på bergensopphaldet.

Saftkokaradn og Sogndal sitt 2006-lag skulle etter planen forsvare dei svartkvite fargane før det heile braka laust klokka 18 i kveld.

Medan Saftkokaradn ikkje kom til sitt annonserte oppgjer, lukkast niåringane.

– Vi spelte godt og var flinke å sentre, meiner Sander Sjøtun Heggestad etter kallassigeren.

Kampen over 14 minuttar var ikkje mot Brann, men mot raudtrøyene frå Askøy. Sjølv om dei hadde Grodås cup i beina frå laurdag, varta dei opp med storspel og til slutt ein solid siger. Om det var fem, seks eller sju null, strides dei lærde om.

Sogndal sitt lilleguttlag

SKALP: Sogndal sine niåringar tok sigeren i oppladningskampen mot Askøy. Snart brakar det laust på Brann stadion.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sander scora sjølv eitt av måla. Til pause leia Sogndal 2-0. Akkurat det resultatet Sjøtun Heggestad håpar står på måltavla når dommaren bles av for full tid i det verkelege oppgjeret.

– Eg er spent, men tippar på 2-0 til Sogndal. Robin Shroot og Ulrik Flo scorar, seier han.

– Håpar du Sogndal kan lære noko av måten de spelte på?

– Det veit eg ikkje. Kanskje pasningane?