Hopp til innhold

Sogndal tok alle poenga i Florø

Lukaz Nadolski sikra Sogndal 2 tre nye poeng i kveldens 3. divisjonsoppgjer i Florø.

Kampen avrunda 18. serierunde i den lokale 3. divisjonen.

Etter ein mållaus første omgang, såg heimelaget ut til å ha fått rista av seg 0-12-tapet borte for Tornado Måløy i førre runde. Men ti minutt før slutt stangar polske Nadolski ballen i nettmaskene etter ein corner, og sikrar gjestene tre poeng.

Spelet bølgja fram og attende gjennom heile kampen. Sjølv om Sogndal 2 hadde det spelemessige overtaket, produserte heimelaget bra med sjansar som dei kunne utnytta betre.

Florø ligg no utsett til i botnen av tabellen med 14 poeng. Bak ligg Kaupanger og Vik med høvesvis 12 og 11 poeng.

Sogndal 2 stilte med mellom andre Ulrik Flo, Lukaz Nadolski, Anders Stadheim og Harald Stormoen på bana. Sistnemnde spelte sin andre kamp frå start etter eit lengre skadeavbrekk .