Hopp til innhold

Sogndal tippa nord og ned igjen - kapteinen meiner ekspertane tek feil

Sogndal Fotball blir tippa nord og ned også denne sesongen. Kaptein Per Egil Flo seier det berre er motiverande og håpar han og lagkameratane kan bevise at ekspertane tek feil.

Per Egil Flo om spådomane om at Sogndal rykkjer ned

LET SEG IKKJE SKREMME: Per Egil Flo er Sogndal-kaptein og let seg ikkje skremme av dei dystre spådomane frå ekspertane.

Foto: Montasje: Faksimile/Scanpix, Tor Yttri

Nedrykk, nedrykk og nedrykk. Slik lyder spådommane om Sogndal i årets eliteserie.

På same måte som i fjor meiner nemleg fotballkommentatorane i fleire av landets største medium at Sogndal ikkje har det som skal til for å halde seg i den øvste divisjonen.

– Vi er vande med å bli tippa ned i sumpa der. Dette er berre ein ekstra motivasjon for oss til å motbevise dei såkalla ekspertane, seier kaptein Per Egil Flo på Sogndal.

Ikkje tre på rad

Aftenposten sin fotballekspert Lars Tjærnås tippar Sogndal heilt på botn.

– Sogndal har to sesongar på rad berga plassen. Det skjer neppe i år, er spådommen frå Tjærnås.

Etter ei pangopning av fjorårssesongen gjekk det brått bratt nedover for Sogn og Fjordane sitt eliteserielag. Dei hadde kniven på strupen til siste slutt og først i siste seriekamp redda dei plassen etter 2–0 siger over Brann.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Tjærnås

JUMBOPLASS: Lars Tjærnås i Aftenposten tippar Sogndal på botnen.

Foto: www.fredrikstadfk.no/

– Dei rykkjer ned

Tjærnås meiner Sogndal berga plassen takka vere evna dei har til å få det maksimale ut av spelarane og at dei er gode defensivt. Men no manglar dei fleire viktige spelarar.

– Kenneth Udjus var blant dei beste keeperane i ligaen. Det er eit klart minus at han er vekke, og erstattar Eirik Dahlin har store keeperhanskar å fylle, skriv han i Aftenposten sitt tabelltips.

Han set eit stort spørsmålsteikn rundt kven som skal skåre, og meiner det å halde tett bakover vil vere det laget må stole på. Men utan Udjus går det ikkje.

– Eg trur litt svakare keeper enn i fjor blir det som skil, og at dei rykkjer ned denne sesongen, tippar Tjærnås.

– Meir svekka enn styrka

Heller ikkje VG eller NRK har trua på Sogndal. VG tippar laget på ein 15 plass, berre med Sarpsborg etter dei på tabellen. NRK er samde med Aftenposten, Sogndal hamnar desidert nedst.

– Sogndal er meir svekka enn styrka. Det blir vanskeleg å kopiere 2012-sesongen med det mannskapet. No manglar dei dessutan ein mogleg matchvinnar i Kenneth Udjus. Det blir sisteplass i eliteserien, meiner NRK sin fotballekspert Arne Scheie.

NRK Sport meiner for mange sentrale spelarar manglar og viser til at Sogndal må klare seg utan både Eirik Bakke, Tore Andre Flo, Kenneth Udjus, Stephane Badji og Henrik Furebotn.

«Azar Karadas vart riktignok signert for eitt nytt år i klubben, men Sogndal har ikkje henta spelarar som vil forsterke laget», skriv NRK i si vurdering.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Scheie

NEDRYKK: NRK sin fotballekspert Arne Scheie meiner Sogndal er meir svekka enn styrka og trur ikkje det blir eliteseriespel i 2014.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Dei kan ikkje alltid ha rett

Sogndal-kaptein Per Egil Flo meiner derimot at det han kallar såkalla ekspertar tek grundig feil.

– Vi har iallfall ein plan om å bevise at dei tek feil. Vi har lyst å spele tippeliga også i 2014, og det er det vi jobbar for.

Både NRK sin Arne Scheie og Aftenposten sin Lars Tjærnås er rekna som to av dei fremste fotballekspertane i Norge. At dei tippar Sogndal heilt på botnen tek Flo likevel ikkje så tungt.

– Vi vart tippa nord og ned i fjor også, og vi spelar tippeliga i år. Så dei kan ikkje alltid ha rett, seier Sogndal-kapteinen til NRK.no.

– Meir erfaring

Flo seier han og lagkameratane har veldig lyst å bevise at ekspertane tek feil. Sjølv om Sogndal har mista ein del sentrale spelarar, slik også ekspertkommentatorane har lagt vekt på, meiner Flo at laget er bra.

– Det er bra likt det laget vi hadde i fjor. Vi har mista ein del spelarar, men også fått inn nokre nye. Samtidig som dei spelarane som er her har fått eit par år på baken i tippeligaen. Den erfaringa trur eg vil hjelpe oss i år, seier kapteinen.

Eirik Bakke og Tore Andre Flo har lagt opp, medan Stephane Badji nyleg gjekk til Brann og tidlegare Sogndal-kaptein Henrik Furebotn har gått til Sandnes Ulf.

– Har dokke spelarar som kan erstatte dei?

– Ja, vi no fått Rune Bolseth tilbake i bygda, og han veit vi at er ein god spelar. Samtidig jobbar vi med forsterkingar i forhold til tapet av Badji, seier Flo.

Både Sidy Sagna og Albert Bruce er på prøvespel i Sogndal no, spelarar som begge kan bli ei erstatning for Badji. Detaljar om kven andre som kan vere aktuelle vil ikkje Sogndal-kapteinen røpe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Egil Flo

HAR TRUA: Sogndal-kaptein Per Egil Flo trur laget kan greie ein 10. plass i årets serie.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

– Kan halde nullen

At keeper Kenneth Udjus forsvann til Lillestrøm blir av fleire av kommentatorane rekna som eit svært stort tap. Aftenposten sin Lars Tjærnås meiner ein svakare keeper enn i fjor kan bli avgjerande for nedrykket.

Flo meiner derimot at Eirik Dahlin som erstattar Udjus har styrken som trengst for å vakte buret for sognelaget.

– Han er ein veldig god keeper og kjem til å halde nullen i mange kampar i år.

– Er han på same nivå som Kenneth Udjus?

– Kenneth er ein veldig god keeper og var kanskje den beste i tippeligaen i fjor. Eirik har eit rom å fylle, men han er ein god nok keeper til å gjere det, seier kapteinen.

Tippar på 10. plass

For eitt år sidan stod Sogndal for den store overraskinga i starten av sesongen. Dei tok poeng på poeng og etter fem kampar hadde dei berre sleppt inn eit baklengsmål og låg som tabelltoar.

Ein like god start på årets sesong kan Flo ikkje love.

– Sesongstarten i fjor var over all forventning, men det er ingenting som tilseier at det ikkje kan skje igjen.

– Vi jobbar berre på med det vi skal gjere, og så får dei andre gjere det dei skal. Det er dei 90 minuttane ute på bana som tel, seier kapteinen.

– Om du sjølv tek på deg hatten som ekspertkommentator og skal tippe plassering, kva tippar du då?

– Eg tippar at Sogndal hamnar på 10. plass.