Hopp til innhold

Sogndal tilbake på nedrykksplass

Sogndal kom ned att på jorda etter 0-1 for Vålerenga på eige gras. Etter tre kampar på rad utan tap, er Sogndal attende på nedrykksplass.

Sogndalspelarane fortvilar over nok ein spolert sjanse.

FORTVILAR: Sogndalspelarane fortvilar over ein misbrukt sjanse.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kampen var 22 minuttar gammal då ein corner frå Bojan Zajic gjekk via Espen Olsen og i nettmaskene bak Kenneth Udjus.

- Målet i dag får eg ikkje gjort noko med. Eg trur det er Even Hovland som headar ballen i skuldra mi og eg rekk ikkje å reagere, seier han.

- Må heve oss

Etter tre kampar på rad utan tap, er Sogndal attende på nedrykksplass i eliteserien. Trenar Harald Aabrekk vedgår at prestasjonane dei viste mot Vålerenga ikkje var gode nok.

- Vi har for lite variasjon og presisjon i det offensive spelet. Der må vi heve oss betrakteleg om vi skal overleve, seier han.

- Ikkje godt nok

Etter tre strake kampar utan tap, hadde heimepublikumet god von om tre nye poeng då eit skadeskote vålerengalag kom til Fosshaugane søndag. I staden tok gjestene sin første siger i Sogndal sidan 7-0-sigeren i cupen for 11 år sidan.

Espen Olsen.

SJØLVMÅL: Espen Olsen var uheldig og sette ballen i eige nett. Her prøver han seg i andre enden av bana...

Foto: Oddleif Løset/NRK

Osloklubben var utan skadde Morten Berre, Kristoffer Hæstad, Amin Nouri, Isaac Boakye og Luton Shelton som er oppteken med oppkøyringa til Gold Cup med Jamaica. Sogndal måtte på si side klare seg utan ein skadd kaptein Eirik Bakke.

- I dag spelar vi oss inn i trøbbel sjølve. Vi gjer vanskelege og feil val, kjem oss til få sjansar og det er ikkje godt nok av heile laget, konstaterer Cato Hansen.

Visste kva vi møtte

Gjestene frå Oslo fekk ein grei jobb med å stogge Sogndal. Glatt og humpete underlag, medverka til eit utal feilpasningar for begge lag. Langpasningane frå backrekka var ingen unntak.

Martin Andresen

LETT: Martin Andresen meiner det var lett å demme opp for det offensive spelet til Sogndal, men dertil vanskeleg å bryte gjennom forsvaret deira.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med luftstyrken i høgreiste André Muri i midtforsvaret, fekk Vålerenga ein grei jobb med å stogge det meste av forsøk.

- Det var ikkje så vanskeleg å stogge Sogndal. Vi visste veldig godt kva som ville møte oss; eit ultradefensivt sogndallag som var veldig direkte og som klinker ballen langt, og som kjempar og slåss, seier Vålerenga-trenar Martin Andresen.

- Det vart vanskeleg

- Det blir litt slik når vi ligg med fem mann bak og kontrollerer. Vi slepp til motstandarane veldig lite. Det preger også det offensive spelet, meiner Olsen.

- I dag blir det altfor mykje duellar ut av det. Det er ikkje det som er meininga, meininga er at pasningen skal komme i rommet. Det var vi veldig gode på i fjor, og ikkje klart i år. Eg må innrømme at Andre Muri er ganske mykje sterkare enn meg i duellspelet. Det vart ein vanskeleg kamp for meg, legg han til.

- Må heve oss betrakteleg

Utan målet, skapte Vålerenga lite. Sogndal var ved eitt par høve farleg frampå, men verken Elvis eller Ulrik Flo makta å omsette sjansane i mål.

- Eg tykkjer vi fortente tre poeng. Vi skapar fleire sjansar og litt større sjansar, meiner Vålerenga sin forsvarsbauta, Muri.

- Det vart ein krigekamp med mange duellar på ei sleip bane. Vi er heldige som fekk scoring og drog den i land, meiner Andresen.