Hopp til innhold

Midtstoppar skal vise seg fram for Sogndal

Nest Sotra-stoppar Max Jacob Bjørsvik (24) får vise seg fram for trenarteamet i Sogndal.

Løv-Ham Max

VISER SEG FRAM: Max Jacob Bjørsvik (t.h.) får over nyttår vise seg fram for Sogndal.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Den tidlegare Løv-Ham-spelaren skal ifølgje Bergensavisen trene med Sogndal etter nyttår.

Max Jacob Bjørsvik er nøgd med sjansen han får med eliteserieklubben og seier han førebels ikkje har forlenga med den nyopprykka 1. divisjonsklubben.

– Slik eg ser det, må eg ta denne sjansen i Sogndal, så får vi sjå. Det er uansett ingen nedtur å spele 1. divisjonsfotball med Nest-Sotra neste sesong, seier 24-åringen til avisa.

Lovar ikkje kontrakt

Det er assistenttrenar Tom Mangersnes som har invitert Nest Sotra-stopparen til Fosshaugane Campus. Han kjenner Bjørsvik frå tida i Løv-Ham.

24-åringen var sentral då Nest-Sotra rykte opp til nest øvste nivå i norsk fotball.

– Det er enno for tidleg å seie noko om Max får eit kontraktframlegg. Det vi tida vise. Samstundes er det ein spelar eg kjenner godt, og han er ein person som ville passa godt inn med dei spelarane vi allereie har. Han er ein fotballspelar som ikkje har fått noko gratis, men har kome seg fram med hardt arbeid. Det er i god Sogndal-ånd, seier Mangersnes til Bergensavisen.