Hopp til innhold

Sogndal testar ut trio i helga

Finsk stoppar, svensk spiss og islandsk back er mellom spelarane Sogndal vil teste ut i helgas Vestlandsmeisterskap i Åsane.

Håvard Flo

TESTAR: Håvard Flo og Sogndal tek med seg tre prøvespelarar til Vestlandsmeisterskapen i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Frå før er det kjent at Sogndal ynskjer å teste finske Hannu Patronen (27).

I tillegg er det no klart at også Fuad Hyseni (21) og Alexander Magnusson (22) får vise seg fram for Sogndal under turneringa.

– Det kjem tre stykke no til meisterskapen, i tillegg til dei vi har sjølve frå eiga gruppe og andre lag. Det skal bli artig å sjå dei i sving, seier assistenttrenar og spelarutviklar Håvard Flo.

Framleis aktuell

Fire forsvarar er vekke i høve til i fjor. Dermed ligg det i korta at sogndølane jaktar erstattarar for Mats Solheim, Even Hovland, Isak Scheel. Sjølv om kontrakten ikkje vart forlenga, er Vegar Gjermundstad framleis med og trenar med Sogndal.

Både Patronen og Magnusson er forsvararar. Finnen er utan kontrakt med fjorårets trippelmeister i Sverige, Helsinborgs IF. Sportssjef Jesper Jansson seier til NRK.no at 27-åringen framleis trenar med klubben og at dei ynskjer han med vidare.

Backen Magnusson er kontraktfesta til islandske Grindavik til oktober 2014. Han har tidlegare to kampar for det islandske U19-landslaget og vart i fjor kjent for eit spektakulært straffespark i den heimlege serien.

I tillegg er Sogndal på jakt etter ein ny spiss. Hyseni spelar for svenske Qviding, som rykte ned frå svensk 1. divisjon i fjor. Han vert rekna som ein rask bakromsspiss.

Resultat underordna

Flo seier resultat blir underordna når dei fredag møter Haugesund i første kamp i Vestlandshallen.

Søndag møter dei anten Brann eller Sandnes Ulf.

– Vi vil bruke tida framover på å fordele speletid på ein større tropp. Det har litt med belastninga på spelarane og at alle skal vere i action og spele. Det skal bli moro, seier Flo.