NRK Meny
Normal

Sogndal testar ut Mecinovic

Den makedonske midtstopparen Jasmin Mecinovic viser seg fram for Sogndal i treningskampen mot Strømsgodset laurdag.

Jonas Olsson

TESTAR MAKEDONAR: - Vi har framleis is i magen, men han ser bra ut, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Foto: Øystein Fossum

– Han er ein stor og sterk hovudspelar med ein god venstrefot. Vi skal sjå han på treningane torsdag og fredag og forhåpentlegvis reiser han med oss til Drammen og spelar den kampen, seier Sogndal - trenar Jonas Olsson.

Mecinovic er 21 år gamal, strekker seg 194 centimeter i veret og spelar for den moldoviske toppklubben FC Tiraspol og det makedonske U21-landslaget.

Prøvespelte for Vålerenga

Han var nyleg på prøvespel i Vålerenga, og spelte saman med Sogndal-spelar Per Egil Flo i VIF-forsvaret då dei tapte 5-0 mot FC København tidlegare i vinter.

– Då såg han ok ut. Det var ein tøff kamp som dei tapte ganske mykje, men etter det vi har sett ser han bra ut og vi håpar det skal løyse seg, seier Olsson.

– Han skal få vise seg fram, og så har vi andre spelarar på blokka i tillegg. Vi har tid enno. Overgangsvindauget stenger ikkje før slutten av denne månaden, så vi må vere nøye så vi får inn rett spelar.

Framleis is i magen

Sogndal spelar første seriekamp borte mot Odd allereie 25. mars. Sjølv om ei rekke forsvarsspelarar er ute med skader og dermed kan bli nøydde til å trekke midtbanespelarar som Ørjan Hopen, Eirik Bakke og Henrik Furebotn ned i forsvarsrekka, seier Olsson at dei ikkje vil forhaste seg med å få inn ein ny mann.

– Det viktigaste er at vi får inn rett spelar. Om vi ikkje kjenner på oss at dette er den rette spelaren kan vi framleis ha is i magen. Vi får sjå kva som hender, men i utgangspunktet trur vi at dette er ein bra spelar som vi kan ta til oss.

På denne youtube-videoen kan du sjå litt av Jasmin Mecinovic i aksjon for både klubb og landslag. Der ser han bra ut, men som Jonas Olsson sjølv seier det:

– På youtube ser alle spelarar bra ut.

Trengde Halvorsen-salet

Med seriestart halvanna vekke unna har Sogndal framleis ikkje spelt inn ein førsteellevar, og spesielt bakover har det vore urovekkande med 8-0-tapet mot Sandnes Ulf på La Manga friskt i minnet.

At dei ikkje har henta forsterkingar før har mykje med økonomi å gjere. Då Ole Jørgen Halvorsen vart seld til Fredrikstad tidlegare i veka gjorde det at Sogndal for alvor kunne begynne jobben med å forsterke.

– Det er delvis det i ein kombinasjon med skadane vi har. Men det er klart att hadde vi ikkje fått inn dei pengane for Ole Jørgen hadde det vore vanskeleg å henta nokon, seier Olsson.

Kan vurdere kjøp

Sogndal tenker i utgangspunktet på Mecinovic som ei kortsiktig løysing på lån fram til sommaren, men Olsson seier det kan forandre seg.

– Det kjem an på kor bra han klarer seg. Vi får sjå korleis han ser ut i trening og kamp. Det er viktig for han også å kome hit og sjå kva vi driv på med her i Sogndal. Det er ikkje berre vi som skal vere interesserte. Spelaren skal også vere interessert.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.