Sogndal tek i mot Haugesund

Sogndal tek torsdag kveld i mot Haugesund på Fosshaugane. Med berre åtte poeng etter 10 kampar bør heimelaget vinne.

Ole Jørgen Halvorsen

TO MÅL: Ole Jørgen Halvorsen hadde ein målgjevande og to mål på dei første 45 minutta på Fosshaugane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

SISTE: Med fleire klasseskåringar sikra Sogndal 3-1 siger over Haugesund.

Før kampen i kveld ligg Sogndal nest nedst på tabellen med to sigrar, to uavgjort og heile seks tap.

Klokka 19 i kveld har sognelaget sjansen til å hente heim tre viktige poeng når dei møter Haugesund.

Ørjan Hopen og Per Egil Flo.

KONSENTRERT: Ørjan Hopen spelar sin første eliteseriekamp frå start for Sogndal når Haugesund kjem til saftbygda.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein av dei som må stå over kampen i kveld, er Henrik Furebotn og kaptein Eirik Bakke som er ute til over sommarferien. I tillegg er Kenneth Udjus ute av troppen kort tid før kampstart.

Dermed er det duka for gjensyn med Joseph Bendik mellom stengene. Amerikanaren måtte sjå Udjus ta over plassen etter seks baklengsmål på dei to første seriekampane.

18-åringen Ørjan Hopen startar sin første kamp i eliteserien. Dette blir også hans første seriekamp frå start sidan Moss vart slått 4-1 på Melløs stadion 4. juli i fjor.

LAGET: Joseph Bendik, Mats Solheim, Vegard Gjermundstad, Even Hovland, Per Egil Flo, Ahyee Aye Elvis, Ole Jørgen Halvorsen, Barry Kader, Cato Hansen, Ørjan Hopen, Isak Scheel.

BENKEN: Ulrik Flo, Espen Olsen, Joakim Rudolfsen, Thomas Eriksen Ness, Eirik Skaasheim, Bjørnar Hove, Eirik Hove.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.