Hopp til innhold

Sogndal tapte terreng i opprykkskampen

For andre gang på ein månad tapte Sogndal 1–0 mot Start i det som vart ein jamspelt batalje, på Sør Arena. No er det 12 poeng opp til direkte opprykk.

Kasper Skaanes tek leiinga for Start

JUBEL: Kasper Skaanes jublar etter å ha tatt leiinga 1–0 for Start. Det enda med tre viktige poeng for sørlandsklubben.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Det var duka for toppkamp i Obosligaen då Start tok i mot Sogndal på Sør Arena laurdag føremiddag. Sogndal hang lenge med på notane, men då Kasper Skaanes sette inn 1–0 for heimelaget med eit kvarter igjen å spele, klarte sogningane aldri å svare.

Stillingskrig

Sogndal hadde laurdag moglegheita til å ta innpå Start i kampen om direkte opprykk. Med siger ville dei ligge berre seks poeng bak sørlandsklubben som før kampen låg på andreplass med 42 poeng. Den viktige toppkampen i Kristiansand bar preg av nervar, og to lag som valde å ta lite sjansar offensivt. Lenge hang Sogndal godt med i kampen og fram til pause såg sogningane ut til å ha god kontroll på sørlendingane.

Sivert Mannsverk i tøff duell

DUELLKRIG: Det vart mange tøffe duellar for Sivert Mannsverk og resten av sogndølene, i løpet av kampen mot Start.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Me skal klare å få med oss tre poeng herifrå, sa midtbanespelar Joachim Soltvedt i intervju med Eurosport før andre omgang vert sparka i gang.

Etter pause såg derimot heimelaget hakket kvassare ut, og det var difor ikkje heilt ufortent då Kasper Skaanes sette inn 1–0 i det 76. Speleminutt. Det siste kvarteret pressa Sogndal på og mot slutten hadde dei store sjansar til å utlikne, men utan å få utteljing.

Dermed stakk Start av med ein knipen siger, akkurat slik dei gjorde då dei vitja Fosshaugane tidlegare i sesongen.

– Ufortent

Sogndal-trenar Eirik bakke var ein skuffa mann etter kampen. Han meiner heimelaget var heldige fekk med seg tre poeng.

– Eg føler ikkje det er fortent at dei vinn når dei ikkje har eit skot på mål. Uavgjort hadde vore eit greitt resultat med tanke på korleis kampen utarta seg, seier han.

Eirik Bakke etter Start-kampen

SKUFFA: Sogndal-trenar Eirik Bakke meiner det var ufortent at Start stakk av med alle tre poenga i toppkampen.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Bakke nøgd med måten spelarane svarte etter scoringa, og pressa mot utlikning heilt inn. Han meiner det var for dårleg effektivitet som til slutt vart tunga på vektskåla.

– Me er ikkje gode nok til å utnytte sjansane me hadde, og då er det surt å tape. Samstundes er eg godt nøgd at gutane aldri gjer opp, og me kunne godt fått med oss poeng mot slutten i dag, seier Bakke.

Ikkje fokus på opprykk

Med siger i dag ville Sogndal ha kneppa inn forspranget til seks poeng opp til Start på direkte opprykk. I staden er avstanden no 12 poeng. Med ni serierundar igjen å spele, må det eit lite mirakel til om laget skal ha sjanse til å kjempe i toppen. Bakke meiner sjølv det er urealistisk å snakke om direkte opprykk.

– Vår eldstemann frå start i dag var Eirik Schulze, på 26 år. Det er eit ungt mannskap som me må ha tolmod til og gje tid. Sjølv om me har lyst å vinne desse kampane, så er me ikkje heilt der mot dei beste laga enno, seier han.

Eirik Schulze

ELDSTEMANN: Eirik Schulze (26) var Sogndals eldstemann i startoppstillinga. Sjølv forlèt han Sogndal til fordel for nettopp Start ved sesongslutt.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Sogndølen håpar likevel at laget skal bite godt frå seg utover hausten, og inn mot ein potensiell kvalik.

– Er me gode nok så rykker me opp, og det er klart det er ambisjonen til spelarane. Så får me sjå i november om det vert ein ekstra kamp eller to. Då trur eg me skal kunne bite godt frå oss, seier Bakke.