Hopp til innhold

Tapte skjebnekamp - blir endå tettare i botnen

Sogndal tapte 1–0 borte mot Sandnes Ulf søndag kveld. Dermed har Sandnes Ulf kjempa seg opp i kampen om å overleve i Tippeligaen.

Bjørn Inge Utvik

UHELDIG: Sogndal sin Bjørn Inge Utvik i duell mot Sandnes Ulf sin Randall Brenes i kveld. Utvik var uheldig og sette inn det einaste målet i kampen, eit sjølvmål i første omgang.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Det einaste målet kom etter rundt halvtimen, og var eit mål av den spesielle sorten.

Bjørn Inge Utvik skulle heade ballen tilbake til Sogndal-keeper Udjus, men heada han over keeperen. Ballen trilla inn i opent mål. Her kan du lese eit referat frå kampen.

– Det er forbanna kjedeleg å tape på denne måten, seier Utvik etter kampen.

– Eg følte at Kenneth ropte at eg skulle heade, men så kom han ut i full fart. Det er ei misforståing, og det skjer kanskje i starten når me ikkje har spelt så mykje saman, seier han.

– Er dette ein ekstra kjip måte å tape fotballkampar på?

– Ja, det er det. Det er bittert, men slik er fotballen, seier Sogndal sin trenar, Jonas Olsson.

Tøff kamp i botnen

Dette er andre kampen på rad der eit sjølvmål avgjer kampen i motstandarden sin favør.

– Det er veldig lett å leite etter syndebukkar og vere negative. Slikt skjer, og dessverre skjedde det i dag, seier Olsson.

Han trur spelarane på begge lag kjente på kor viktig kampen var.

– Vi var veldig spente. Dette var ein kamp der det stod utruleg mykje på spel både for oss og Sandnes. Første omgang er ingen god fotballkamp i det heile teke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jonas Olsson

IKKJE NØGD: Ein betenkt Sogndal-trenar på sidelinja under kampen mot Sandnes Ulf. Han lovar krig på Fosshaugane i dei siste heimekampane.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Det er ikkje ein fullt så god kamp som dei to siste, men eg føler ikkje at vi skal tape denne kampen, seier Bjørn Inge Utvik, som meiner laget vart betre i andre omgang.

Trenaren er samd, og meiner Sogndal tok over styringa.

– Det tek seg opp etter pause, når vi legg om til 3-5-2. Då blir vi betre, og kjem til fleire innlegg og er nære ved fleire høve. Då fekk vi tak på midtbanen og hadde to kantar som kunne slå ein del innlegg, seier Olsson.

Likevel fekk dei aldri den viktige utlikninga. Dermed er Sandnes Ulf oppe i 21 poeng, berre to bak Brann og tre bak Sogndal som har 24. Bodø Glimt ligg på sikker plass med 29 poeng.

Lovar krig på tøff bane

Sandnes Ulf - Sogndal

JUBLAR: Sandnes jublar etter den avgjerande 1–0 scoringa, som Bjørn Inge Utvik sette i eige mål.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Dermed ser det ut som kampen for å overleve i Tippeligaen står mellom Sandnes Ulf, Brann og Sogndal. Dei tre laga kjempar no mest sannsynleg om å greie tredje siste plass, kvalifiseringsplassen som gir rett til ein playoffkamp mot nummer tre i førstedivisjon, der vinnaren spelar i Tippeligaen også neste år.

Sogndal ligg framleis på kvalikkplassen og har dermed moglegheit til å avgjere sjølv når tre kampar står att. Både uheldige Utvik og trenar Jonas Olsson har framleis stor tru på Tippeliga-spel neste år.

– Vinn me, så klarar me oss. Det er ni poeng å kjempe om, og dei skal me ta, seier Utvik.

– Ja, vi har store moglegheiter. Det som er trist er at vi ikkje tek moglegheita i dag. Men vi har to heimekampar att av dei tre. Å kome til Sogndal no er ikkje gøy, åtvarar Olsson.

– Det blir kaldt, og hard og dårleg bane. Vi har ein stor fordel med to heimekampar att å spele. Der blir det krig, seier Olsson.

Laster innhold, vennligst vent..