Hopp til innhold

Fekk draumestart – tapte til slutt mot 2. divisjonsmotstand

SOGNDAL (NRK): Draumeopning med scoring etter to minutt, ein 14-årig debutant og jakta på ein ny forsvarsspelar. Slik var Sogndal sin siste treningskamp på heimebane i år.

Sogndal i føringa

JUBEL: Sogndal-spelarane kunne jubla for scoring alt etter to minutt, og det såg ut til å gå vegen. Men i andre omgang snudde det.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det er unødvendig å tape slike kampar, men mange av unggutane fekk vist seg fram. Vi får læra av det, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke etter 2–1 tapet mot Hødd.

– Eg er skuffa. Det er aldri kjekt å tape fotballkampar og vi som spelte var der for å visa oss fram før serieopninga, sa Henrik Furebotn etter kampen.

Sivert Mannsverk, Sogndal fotball, 14 år.

DEBUTANT: Sivert Mannsverk er 14 år. Tysdag kveld fekk han sin debut for Sogndal.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Han var den mest etablerte som var i kveldens startoppstilling, då trenar Eirik Bakke sende eit ungt lag på bana. Den yngste av dei alle var 14-åringen Sivert Mannsverk som fekk sin debut i Sogndal-drakta.

Jaktar forsvarsspelar

Andreas Lerheim Olsen gav Sogndal ei perfekt opning på kampen mot Hødd, då han sende ballen via tverrliggaren og i mål etter berre to minutt. Sogndal styrte kampen i opninga, men klarte ikkje å få fleire scoringar.

Det utnytta Hødd, som scora etter ein times spel og rett før slutt.

Henrik Furebotn

SKUFFA: Henrik Furebotn og resten av Sogndal-laget fekk det ikkje til mot Hødd.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Sogndal skulle reise seg etter at dei fekk juling 4–0 mot Lillestrøm førre veke, men tapte nok ein gong. Det er Sogndal sitt andre tap i årets treningskampar, der dei starta med å vinne tre på rad.

No ventar oppkøyringskampar mot Strømsgodset og Brann, før dei møter Sarpsborg 08 borte i årets første eliteseriekamp, 2. april.

– Kampane mot Brann og Strømsgodset viktige for å sette laget som skal spele i serien. Det har vi ikkje fått gjort til no i år, og det har vore mange som har fått mykje speletid, seier trenar Bakke.

– Kjem det fleire spelarar inn før seriestart?

– Vi er alltid på utkikk etter spelarar som kan forsterka oss og vi har ei utfordring i forsvar. Christophe Psyché og Bjørn Inge Utvik har slite med skadar, så det kan fort skje at vi hentar ein forsvarsspelar til, seier Bakke, som ikkje vil vera meir konkret enn det.

Slik starta Sogndal:

(4-4-2): Kristian Rutlin–Magnus Pedersen, Per Magnus Steiring, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland–Edin Øy, Henrik Furebotn, Johan Hove, Eivind Helgesen–Andreas Lerheim Olsen, Fredrik Flo.

Benken: Tarjei Omenås, Adrian Solberg, Anders Nord, Andreas Flåten og Sivert Mannsverk.

Grisevèr i Sogndal

VÅTT: Regnet lava ned under kampen, der Sogndal inviterte til kamp med gratis inngang.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix