Sogndal tapte på sjansesløseri

Dei produserte store sjansar på løpande band, men Sogndal fekk berre 0-0 og eitt poeng mot Sandnes Ulf.

Sandnes Ulfs Edier Frejd reddar Malick Mane sin heading på streken.

SÅ NÆRME: Malick Mane har heada ballen forbi Sandnes Ulf-keeper Aslak Falch, men Edier Frejd reddar på strekken og sender ballen via stolpen og ut att på bana.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med eitt poeng braut Sogndal tapsrekka etter fire strake tap. Siger vart det derimot ikkje mot eit Sandnes Ulf-lag som har starta sesongen svært godt.

Heimelaget var tydeleg minst like skuffa over poengdeling som dei 3.545 på tribunen.

– No er eg skuffa. Eitt poeng er ikkje bra nok i dag, men samstundes er det betre enn null poeng, seier Malick Mane som sjølv ei heading bli klarert på målstreken av Edier Frejd i første omgang.

– Hadde flaks

Ein som var nøgd, var derimot Aslak Falch, som fekk sjansen då førstekeeper Bo Andersen måtte stå over oppgjeret grunna suspensjon.

– Det var bra kjekt å halde nullen, men vi hadde flaks også. Eg må sende ei takk til forsvaret som gjorde ein god jobb og heldt Sogndal på avstand for meg, seier han.

Om det var uflaks eller mangel på dyktigheit som avgjorde kampen, skal vere usagt. Som mot Lillestrøm var Sogndal det beste laget, men rogalendingane makta ikkje det kanarifuglane gjorde på Åråsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Bakke

FORTVILA: Eirik Bakke måtte sjå medspelarane hans misbruke den eine store sjansen etter den andre.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Må bli kaldare

Når heller ikkje Sogndal makta å sette sine store sjansar, så vart det mållaust i det som var siste kamp før ferien - og siste kamp på naturgras på Fosshaugane. Sogndal har no scora eitt mål på dei fem siste kampane.

Samstundes har det blitt 11 baklengsmål.

– Vi må bli kaldare framfor mål, men eg trur ikkje vi spelar ein slik kamp til og ikkje scorar mål, seier ein tydeleg skuffa Sogndal-kaptein, Eirik Bakke.

Held nivået

Mane kunne sytt for både eitt og to mål før pause. Danske Tonny Brochmann Christensen er ein annan sogndalspelar som viste frustrasjon etterkvart som sjansane ikkje resulterte i noko som helst.

Trenar Jonas Olsson trur på betre tider når maskinparken på utsida av Fosshaugane har gjort ferdig jobben med å fjerne naturgraset - og det nye kunstgraset er lagt etter ferien.

– I dag var det stang ut, men dei to siste kampane viser vi at vi held nivået. Samstundes har vi ei dårleg bane som hemmar oss, seier svensken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sandnes Ulfs Aslak Falch snapper ballen rett framfor Sogndals Ulrik Flo.

MÅLLAUST: Sandnes Ulfs Aslak Falch snapper ballen rett framfor Sogndals Ulrik Flo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ikkje nøgd med 13 poeng

Han trur både scoringar og poengfangsten vil ta seg opp. Første motstandar er Aalesund på bortebane om ein månad. Så kjem Fredrikstad til Fosshaugane.

Etter Florø-tapet i cupen, har Sogndal gått frå å vere eit topplag, til no å nærme seg nedrykksstreken faretruande. Sesongen er dog berre 11 seriekampar gamal, og 19 kampar står att.

– Eg er ikkje nøgd med 13 poeng så langt. Vi skulle hatt både mot Lillestrøm og full pott i dag. Men vi kjem til å ta mange poeng etter kvilen. Vi starta veldig bra, og vi skal opp att på tabellen, seier Olsson.

Vand posisjon

Over 3.500 tilskodarar såg Sogndal presse hardt på utover omgangen. Mane, som mot Sandnes Ulf, vart plassert på høgrekanten. Han er mest kjend som spiss, men trivast godt også på kanten.

– Det gjekk heilt fint. Det var der eg spelte før eg var spiss, så eg hadde ingenting imot det. Men eg trivast best som spiss, seier han skuffa.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.