Årdølen Furebotn var svært klar etter sist sesongn at dette var hans siste i Sogndal-drakta. Han gjekk lenge klubblaus, men så dukka Sandnes Ulf opp med kontrakt.
Etter dagens kamp mot Sogndal på La Manga tyder alt på at Henrik vil få mykje tillit i lyseblått denne sesongen.
– Var spesielt
– Det var sjølvsagt spesielt å spela mot gamle lagkameratar i dag, ikkje minst når Rune "Bolli" Bolseth spring rundt med mi gamle drakt på seg, fortel Furebotn på telefon frå Spania.
Han presiserer at kapteinsjobben i dag var eit innhopp, men at han føler at han har funne seg godt til rette i sin nye klubb.
- LES OGSÅ:
Trivst godt i ny klubb
– Eg trivst veldig godt, dei har teke godt imot meg, seier Furebotn.
– Det var jo kjekt å sjå Henrik for sin nye klubb, seier sportsleg koordinator for Sogndal, Håvard Flo, til NRK.
Men for sogndølene var det alt anna enn berre kjekt på det grønne graset på den spanske middelhavskysten. Laget starta klart best, med ein god målsjanse frå Eirik Skaasheim etter åtte minutt.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skåra to i andre omgang
Men Sandnes Ulf sin målvakt, Aslak Falch, sto som ein levande mur i mål og parerte det eine skotet etter det andre frå Sogndal-spelarane. Laga gjekk mållause til pause.
Men i 2. omgang synte det seg at laget frå Rogaland var mest effektive. Etter 69 minutt fekk Sandnes Ulf straffe, og rett før slutt punkterte dei kampen med eit mål frå Steinthor Thorsteinsson.