Tap for Sogndal på La Manga

Sogndal måtte sjå slaget tapt mot Sandefjord under treningskampen på La Manga torsdag.

Malick Mane

SPELTE GODT: Trass i tap var Jonas Olsson godt nøgd med spelarane sin innsats. Her er Badji i aksjon under kampen på La Manga.

Foto: Astrid M. Nordhaug / DIGITALSPORT

Stillinga endte med 0-1 ved kampens slutt. Sandefjords Cheikou Dieng scora i kampens tredje siste minutt, og laget kunne dermed innkassere sigeren, trass i fleire store sjansar for Sogndal.

– Burde fått to mål

Jonas Olsson

HEILT OK: Trenar Jonas Olsson meinte kampen var heilt ok, men at Sogndal helst burde ha klart minst to mål.

Foto: Astrid M. Nordhaug / DIGITALSPORT

Sogndaltrenar Jonas Olsson seier til NRK etter kampen at det var ein heilt ok kamp.

- Vi slepp ikkje til mange målsjansar, men skapar mange sjølv. Det var litt kjedeleg at dei fekk eit mål heilt på slutten. Vi burde fått minst to mål sjølv, seier Olsson.

Trass i tapet meiner Sogndaltrenaren at spelarane gjorde ein solid jobb.

- Det er små marginar som avgjer. Nokre gonger har vi dei med oss, andre gonger mot oss slik vi hadde i dag. Vi må berre ikkje grave oss ned, men heller jobbe på vidare, seier Olsson.

Braut sigersrekka

Marknadssjef i Sogndal fotball, Rasmus Mo, kunne under kampen fortelje at Sogndal hadde føringa, men likevel gjekk det ikkje vegen for Sogndal.

– Like før slutt kom det ein sjanse ut av eigentleg ingen verdens ting. Det er første kampen vi har tapt i år, så ei rekke er broten, seier Mo.

– Vår kamp

Eirik Skaasheim

MANGE SJANSAR: For Eirik Skaasheim og resten av Sogndalslaget hjalp det ikkje at dei hadde flest sjansar.

Foto: Astrid M. Nordhaug / DIGITALSPORT

Også Mo var godt nøgd med spelarane sin innsats.

– Fylkesspelarane står veldig godt fram, og det er kjekt å sjå at unggutane frå eige fylke står fram og verkeleg vil. Det var vår kamp, men det er måla som tel. Det er ein treningskamp og det opna seg plutseleg og så var dei gjenno. Sånn er det, seier Mo.

Neste kamp for Sogndal er mot Sandnes Ulf på måndag. Der møter dei blant anna tidlegare kollega Henrik Furebotn.

Olsson meiner sjansane er like gode då som i torsdagens kampen mot Sandefjord.

- Eg trur vi har ein god sjanse, seier han.

Rune Bolseth

TAP: Sandefjord slo Sogndal 0-1, sjølv om Rune Bolseth og dei andre spelarane jobba knallhardt.

Foto: Astrid M. Nordhaug / DIGITALSPORT