Hopp til innhold

Badji på tribuna då Sogndal tapte på Fosshaugane

Fredrikstad vart for sterke og slo Sogndal 3–1 på Fosshaugane Campus fredag kveld. Ein kamp Stéphane Badji såg frå tribunen.

Badji på tribuna då Sogndal tapte

TRIBUNEPLASS: Stephane Badji (t.v. innråma) såg frå tribuna at lagkameratane tapte mot Fredrikstad.

Foto: Sondre Dalaker/Heidi Lise Bakke / NRK

«Eg vil ikkje snakka om nokon andre spelarar enn dei som var i troppen i dag», var svaret NRK fekk då sogndalstrenar Jonas Olsson vart spurd om kvifor den OL.-klare senegalesaren måtte sjå kampen frå tribunen.

Etter å ha starta sesongen over alles forventingar, har spelarane no kome ettertrykkeleg ned att på jorda.

Etter dagens kamp ligg Sogndal på ein tiandeplass med 14 poeng, men bak dei er det veldig jamt, og dei fleste laga lenger ned på tabellen har spelt færre kampar enn sogndølene.

Badji ute av troppen

Over 5000 tilskodarar på tribunen og eit praktfullt nytt kunstgras var råma då Sogndal tok i mot Fredrikstad fredag kveld. Men då dommaren bles i fløyta etter 90 spelte minutt, var det austfoldingane som kunne strekka armane i vêret og jubla for tre særs viktige poeng.

Jonas Olsson

VILLE IKKJE KOMMENTERA: Sogndaltrenar Jonas Olsson.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fyrsteomgang var dårleg frå Sogndal si side, og dei sleit på midtbana. På tribunen sat midtbanegeneralen Stéphane Badji.

– Me tok ut den troppen som me trudde hadde størst sjanse til å vinna i dag, men dessverre so lukkast me ikkje, sa Jonas Olsson etter kampen.

– So det har ingenting å gjera med at han mislikte å bli bytta ut i førre kamp?

– Eg vil ikkje kommentera det, sa Olsson.

Stephané Diarra Badji på trening i Sogndal.

STÉPHANE BADJI

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det var i kampen mot Aalesund at Badji gjekk sint av bana då han vart bytt ut for Eirik Bakke.

Badji var tidlegare denne veka linka til Romania og klubben Dinamo Bucuresti, men både agenten til spelaren og Sogndal avviste at dei hadde høyrt noko om dette.

– Vakna ikkje før klokka 22

Det var Fredrikstad som opna kampen best, men alt i alt var dei ikkje mange hakk betre enn Sogndal.

Etter 26 minutt fekk Fredrikstad eit innkast høgt i bana. Sogndal klarerte dårleg, og i returrommet stod Fredrikstadspelaren Khalifa Jabbie. Han fyrte av ein susar av eit skot frå 20 meter, og Kenneth Udjus var sjanselaus då ballen fôr inn i lengste hjørne.

FFK 2-0

2-0: Alexander Ruud Tveter har nett dobla leiinga til bortelaget.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Berre fem minutt seinare dobla Alexander Ruud Tveter leiinga for gjestene frå seks meter, etter litt klabb og babb etter ein corner.

– Me vakna ikkje før klokka 22 i kveld, og det øydelegg kampen for vår del, sa Henrik Furebotn.

Sogndal løfta seg etter kvart og spelte seg til fleire sjansar, men makta ikkje å setja ballen i mål fleire gonger enn FFK.

– Dei har to klasseavsluttningar i første omgang, me har to store sjansar også, men me klarer ikkje å skora. Det er vel det som skjil oss i dag, sa Jonas Olsson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Teniste måtte ut med skade

MÅTTE SY: Tajio Teniste måtte ut og lappast saman etter ein duell i fyrste omgang. Han kom ikkje innpå att etter pause.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Senka av sin eigen

Då klokka passerte 60 spelte minutt, fekk publikum på Fosshaugane håp om at det likevel kunne bli poeng.

Kenneth Udjus sparka ballen over heile bana, den spratt over forsvaret til FFK, og mot ein utrustande Jon Knudsen i bortemålet gjorde Ulrik Flo ingen feil. Han nikka ballen i ein boge over keeper, og det var på ny spenning i kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo skorar

2-1: Ulrik Flo skapte ny spenning i kampen etter om lag 60 minutt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men fem minutt før slutt sette tidlegare sogndalspelar Ole Jørgen Halvorsen spikaren i kista for sine gamle lagkameratar. Frå 20 meter skrudde han ballen over Kenneth Udjus, før han snudde seg og gjekk roleg mot midtbana.

– Når det er 5000 på tribunen og ny bane, so er det me som skal ut å syna oss fram. Det verkar som om me ikkje er heilt klare då dommaren bles i gang oppgjeret, sa Furebotn.

– Slik me står fram i andre omgang, det er slik me bør stå fram gjennom heile kampen. Det øydelegg sjølvsagt kampen for oss at dei ledar 2–0 til pause. Me gir eit realt forsøk på å henta det inn etter pause, og at dei får eit mål på slutten det er slikt som kan skje når me satsar so hardt framover, sa han.

– Blir meir finspel framover

Det var den fyrste eliteseriekampen på den splitter nye kunstgrasbana på Fosshaugane, ei bane som både spelarar og trenar Olsson har lengta etter.

– Det var godt å vita kor ballen kom og korleis den spratt, so forhåpentlegvis blir me gode på denne bana framover, sa Henrik Furebotn.

– No kan me trena her kvar dag, og det vil bli ein stor fordel for oss. Det vil nok bli meir finspel framover, også på heimebane, sa trenar Olsson.