Hopp til innhold

Sogndal tapte på bortebane

Det enda med tap då Sogndal møtte Fredrikstad på bortebane onsdag. 2-0 stod det då kampen var slutt. Store delar av kampen spelte dei med ti mann.

Fredrikstad - Sogndal

2-0 stod det då kampen mellom Fredrikstad og Sogndal var slutt.

Foto: NRK

Sogndaltrenar Harald Aabrekk seier dei tapte for eit betre lag i dag.

– Fredrikstad fekk ein betre start enn oss i kampen. Vi vart også prega av at vi fekk ein spelar utvist og dermed måtte spele med ti mann frå det 40. minuttet.

Furebotn skaut over mål

Allereie etter fire minutt fekk Fredrikstad ein målsjanse då Celso Borges fekk stå heilt åleine, men avslutningen hans gjekk rett i keeper Leciejewski.

Etter nitten minutt var det Sogndal som hadde ein stor målsjanse. Henrik Furebotn fekk ballen og klinka til. Men ballen gjekk like over målet til Fredrikstad.

Like etter fekk Lars Grorud på Sogndal eit gult kort etter ei takling. Og det vart fleire gule kort.

Raudt kort til Solheim

I det 34. minutt fekk Mats Solheim sjå det gule kortet. Han drog Fernando Wallace i trøya og fekk frispark imot seg. Han fekk det gule kortet då han sparka vekk ballen.

Fire minutt seinare vanka det nok eit gult kort på Solheim og dermed vart det raudt. Kortet kom då han heldt igjen Wallace i ein duell. Dermed måtte Sogndal spele resten av kampen med ti mann.

– Det prega kampen

Mats Solheim er ikkje nøgd med dømminga etter utvisninga.

– Det var to situasjonar og to gule kort. Eg tykte det var litt brutalt å ikkje få nokon åtvaring. Eg hadde heller ikkje gjort noko gale tidlegare i kampen. Men sjølvsagt skal eg jo ikkje halde, eg ser jo det.

– Kva betydde det for laget at dei måtte spele utan deg?

– Det svekka dei sjølvsagt og det prega kampen at eg vart utvist så tidleg. Dei måtte leggje om til ein anna formasjon og det var beklagelegvis eg som gjorde at det vart slikt.

Uavgjort ved pause

Etter at Solheim måtte ut, valde Sogndal-trenare å trekkje Ulrik Flo ned på midtbanen.

Ved pause var stillinga 0-0.

Fredrikstad med flest målsjansar

I starten på andre omgang hadde Fredrikstad fleire farlege målsjansar. To gonger klarte Leciejewski å redde, og ein gong gjekk ballen knallhardt like over det høgre krysset.

I det 74. minuttet losna det for heimelaget og Mattias Andersson sette ballen i Sogndal-målet. Dermed stod det 1-0.

2-0-målet kom like før slutt då Andersson skåra nok eit mål for Fredrikstad.

Heim utan poeng

Dermed enda kampen 2-0 og Sogndal må reise heim utan poeng.

Men dei leiar framleis tabellen i 1. divisjon 26 poeng, føre Ranheim med 22. Fredrikstad fekk tre viktige poeng og har no klatra opp til ein 3. plass på tabellen.

Her finn du tabellen for 1. divisjon