Hopp til innhold

Sogndal tapte mot Løv Ham

Sogndal tapte 2- 0 for Løv-Ham i ein treningskamp i Bergen laurdag. Trenar Stig Nord er lite nøgd, både med spel og resultat.

- Det var ein skuffande kamp, der vi presterer langt unna det vi bør og kan forvente av laget, seier han.

 

Løv-Ham meir effektive

Løv-Ham, som har spelt uavgjort mot Viking og sigra over Bryne og Brann tidlegare i vinter, viste heller ingen stor fotball i Vestlandshallen laurdag. Men vertane var meir effektive enn gjestane, som mangla både defensiv og offensiv kraft.

- Både defensivt og offensivt var vi under pari i denne kampen, seier Nord.