NRK Meny
Normal

Uroa over tunge og seige spelarar, assistenttrenaren meiner Sogndal tapte fortent

(Lillestrøm – Sogndal: 2-0) Sogndal måtte gå mål- og poenglause av bana på Åråsen i dag. – Det såg tungt og seigt ut på bana i dag, det er ikkje bra nok, seier assistenttrenar Tom Mangersnes etter tapet.

Assistenttrenar Tom Mangersnes er skuffa etter nok eit tap for Sogndal.

SKUFFA: Assistenttrenar Tom Mangersnes meiner den kollektive arbeidskapasiteten til Sogndal aldri kom opp på eit godt nok nivå under kampen mot Lillestrøm.

Foto: NRK/Scanpix: Lars Håkon Mosvold

– Det er mogleg vi ikkje har teke høgde for den krevjande spelestilen vår, og at spelarane har hatt større belasting enn vi har klart å måle etter dei siste kampane, seier Mangersnes etter at Sogndal tapte 2–0 mot Lillestrøm.

Laget står dermed framleis med fire poeng etter sju serierundar, og ligg sist på tabellen.

– Urovekkande mange vart veldig tunge tidleg i andre omgang. Det kan vere signal på at dei ikkje har hatt optimal kropp før kampen starta. Vi må finne svaret på det, seier trenaren.

– Er spelarane for slitne då?

– Nei, det torer eg ikkje seie, det blir feil å seie det slik. Men, det er openbart at vi ikkje er der vi må vere, og at det kan vere ulike grunnar til det.

Stod ikkje på viljen

Mangersnes var tydeleg før kampstart på at laget gjekk for siger, og at dei ville klare det så lenge intensiteten var høg. Det nivået klarte aldri sognelaget å nå, og dermed var det Lillestrøm som sikra seg sigeren med eit mål i kvar av omgangane.

Han seier at heile laget hadde ambisjonar og reelle von om å slå Lillestrøm i dag. Og han trur kampen fort kunne sett annleis ut.

– Det er soleklar hands på ein Lillestrømspelar i første omgang, som blir oversett. Hadde den situasjonen blitt handtert som den skulle, så kunne kampen fort fått eit anna utfall. Vi kan likevel ikkje skulde på nokon andre enn oss sjølve, og vi taper fullt fortent.

Spelarane får ikkje mykje tid til å hente seg inn igjen frå dagens kamp heller. Allereie onsdag er det kamp mot Åsane i andre runde av cupen. Om ei veke tek Sogndal i mot Start på Fosshaugane.

– Det blir ikkje mykje tid til restitusjon, vi må gjere det så godt vi kan. Planen er å gå vidare frå cupkampen onsdag, og vi må gjere oss ferdige med den før vi kan tenkje på neste serierunde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.